Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 5. april 2019

Tour de Akershus!

Kjære bibliotekdagbok,

Klokka tikkar mot fire fredag, og eg har enda ikkje fått tid til å fortelja for deg frå den framifrå veka som har gått. Det er fordi det har gått i eitt, for å si det mildt. Det blir ikkje så mange orda når tampen brenn for helg, men eg skal dele nokre bilde frå høgst minneverdige stunder med deg.

Vi må starte med å å sende ein grandios takk til bibliotekar Ragnhild på Sørum bibliotek som inviterte oss til å prate om formidling for bibliotekarane sine. Nokre av kommunane på Romerike skal snart slå seg saman til ein gigantkommune, og i dette høvet vart vi, kollega Merete og eg, inviterte til å vera med dei på inspirasjonsdag på Blaker skanse.

Ikkje nok med det. Ragnhild informerte kollegaene sine rundt om i Akershus amt om at vi kom, og sanneleg min stakk vart vi ikkje hyra inn av Oddmund i Enebakk også, til formidlingsøkt for fleire bibliotekarar frå fylket. Dei ville også høyre om bibliotekdrifta vår og om klassikar-prosjektet der 63 bibliotek nå er med.

Og til slutt toppa dagen seg med klassikar-arrangement på Scene 5 på Lillestrøm med sjølvaste Edvard Hoem, litteraturkritikar Bjørn Ivar Fyksen, bibliotekar Ragnhild Malfang og to bibliotekarar frå Lom. Edvard Hoem er representeret i prosjektet med boka Slåttekar i himmelen. Bjørn Ivar Fyksen er ein av kritikarane som har vore med oss og utarbeidd lista med dei 25 beste bøkene frå 2013-2017. Etterpå. på nattoget heim til Lom, sat to Rui-jenter og klypte seg i sine armar små.

Nye klassikarar, Scene 5 Lillestrøm, Edvard Hoem i samtale med
Bjørn Ivar Fyksen, omkransa av Ragnhild Malfang og to Rui-jenter.
Foto: Karen Sletten Henriksen
Vi har ikkje landa heilt enda etter alt denne veka har bode på. Det har likevel ikkje vorte utprega mykje kvild korkje på laurbær eller anna. Den eine har førebudd og gjennomført ein bokprat i 3. klasse og registrert og prata ut eit ukjend tal bøker etterpå. I dag tok ho seg ein høgst velfortent dag til avspasering. BibliotekAre gjorde det same. Takka vera våre gode hjelparar kom underteikna i mål med sine tio tusen fakturagrunnlag som skulle inn innan fristen i dag. Vi har nå lagt eit solid fakturagrunnlag for vår vidare eksistens.

Våre gode hjelparar, Tonje og Shahroohk.
Takk for litt av ei veke alle de som takkast skal! God helg!

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar