Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 29. mars 2019

Hardrockdigg og ustabil gasspedal

Vi tre under femti. Tanken slo meg då vi styggtidleg tysdag morgon ragga nedover Gudbransdalen. Den stuttføtte vart plassert i baksetet med passasjerskrekken sin saman med vel 40 bøker, i håp om at ho ikkje ville få med seg trafikale utfordringar i den låge morgonsola. Med fersk tyggjegummi i munnen og nyaste Niemi i sekken, såg eg føre meg nokre fredelege timar på reise før vi skulle i aksjon. Eg hadde ikkje før fått toggje hol på den friske klysa i kjeften, før det vart eit forferdeleg spetakkel i framsetet! Det small i høgtalarane, og Peugeoten hasta fram i rykk og napp. Framfor meg såg eg to nattbustete hovud dunke i takt med levenet, og høgrefoten til sjefen som trakka taktfaste rytmer på gasspedalen.

Klok av tidlegare skade nemnde eg ikkje eit ord om korleis dette kjendest i  baksetet. Eg held meg i bjørnegryta med Niemi eit bel til, heilt til det eskalerte der framme. DJ´en skifta skive i spelaren, og sjølvaste Motorpsycho strøymde ut mellom seta. Då kubjellene på låta "Psychotzar" slo inn, hoppa krøllene der framme ein vill, ekstatisk dans medan bilen jumpa i harde rykk. Vi skulle til Oppland fylkesbibliotek og formidle fjorårets kulturfondbøker for bibliotekarar, men det kjendest meir ut som ein gjeng fans på stolen tur til ein storkonsert. Dei der framme kalla det oppladning til seriøs bokprat.



Etter at 42 bøker var formidla på Gjøvik, bar det rett heim til framhald av leseprosjektet for 3.kl. tidleg ein torsdag morgon. Rita hadde førebudd ein gild haug smakebitar for 29 lesespirer, og Guttorm fekk mange ledd på skrotten etter all lesinga den siste veka.
Bøker ferdig prata

Same kveld plukka sjefen og eg med oss nynorske kvalitetsbøker frå den seinare tida og troppa opp på årsmøtet til Lom og Skjåk dialekt- og mållag. Der var vi vitne til at to staute unge reinsgjetarar frå Lom velfortent fekk Målprisen 2019 for sin fenomenale bruk av dialekta vår i TV-programmet "Gjetarar i Jotunheimen". Sjølve fekk vi snikt inn både litt poesi, noko "Norsk røyndom" frå Samlaget og nokre romanar før vi tok kveld.

Flotte nett i gåve frå det lokale dialekt- og mållaget
Resten av denne dagen lyt gå med til førebuing av formidlingsheat på biblioteka i Sørum, Enebakk og og Lillestrøm førstkomande tysdag. Vi gler oss!

Oransjebloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar