Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. mars 2019

Undring over elefantmygg og nytt utstyr

"Elefant? Kvifor vart han ikkje ein sjiraff?"
"Åååå, du forstår da vel det; sjiraffen har ikkje snabel!"
"Jamen, "hendt noe"? Kva då? Nei, dette var eit rart dikt..."
"Myggen hadde da vorte ein elefant i løpet av natta! Da har det vel hendt noko!"


Tre fjortenåringar heng over skranken og les over akslene på kvarandre, etter at dei har fått utdelt kvart sitt dikt her på Verdas poesidag i går. Den eine fekk diktet "Å leve" av Arne Ruset, ei fekk eit stutt dikt av Iben Sandemose, medan den siste fekk barnediktet "Den morgenen" av Inger Hagerup. Det vart altså barnediktet som fekk størst merksemd av tenåringane, og bibliotekaren fryda seg over den festlege diskusjonen som utbroderte seg i undring over orda på den vesle lappen. Alle som var innom her i går fekk altså med seg eit dikt heim, anten dei ville eller ikkje, noko vi kanskje også kunne gjort utanom poesidagen?


I dag kom det fleire hentemeldingar frå Posten, og endeleg fekk vi det etterlengta lydustyret vi kjøpte for prosjektpengar i fjor! Med eit par menn i drift, fekk vi gundig sjekka at alt var med i sendinga, men då assisterande sjef etterlyste testsang gjennom anlegget, kunne dei overraskande letta konstatere at sjølve mikrofonane skulle bli ettersendt... Vel, då kan vi gle oss på klangsterke mannsstemmer ved eit seinare høve. Når alt er på plass, kan forhåpentlegvis ingen klage på lyden under arrangementa våre, og vi gler oss til å ta utstyret i bruk!

Alt på plass!


Bloggar som skal spare stemmebanda: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar