Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. mars 2019

Nye klassikarar i vinden!

Det er ljost klokka 6 om morgonen, sola breier seg frilyndt ute på kyrkjevollen, lesesirkelen har donert ein gild popcornpose til bakrommet og Klassikarprosjektet går så det ljomar. Attpåtil har ei lokal bedrift sponsa oss med ein suveren ekstrapremie til den lomveren som les flest av dei nykåra klassikarane gjennom bokåret! Slike dagar er det lett stemning i gammelprestgarden, altså!



Vi har kvar for oss hatt våre tankar om korleis vi forventa at Klassikarprosjektet skulle bli motteke av trauste lomverar med sans for det kjende, handfaste og jordnære, utan at vi heilt har tort å ta opp dette med kvarandre - artig skulle det uansett bli å teste det ut på sambygdingane. Gledeleg, og altså litt overraskande, har då den første veka inn i prosjektet synt at lomverar har eit opnare sinn enn vi i det stille har frykta: Her låner vi ut dei kåra bøkene i fleng, og lånarane ser med stor iver på heile prosjektet. Den femte dagen inn i prosjektet har vi lånt ut heile 19 eksemplar frå den eksklusive lista, fleire av dei bøker vi truleg ikkje hadde fått raske utlån på elles. Artig! Så får de heller ha overivrige bibliotekarar unnskyldt når de blir overfalle i døra med intens framsnakking av forfattarar og bøker frå ei fargesterk liste, med lokking om stempel og signert klassikar i premie. I dag fekk vi også ei gild gåve frå Brimi sæter, som raust sponsar oss med ein smakfull ekstrapremie i form av Skråpå-tå for to personar på setra, ei gastronomisk og sanseleg oppleving heilt utanom det vanlege! Ein varm takk til Brimi sæter!

Ekstrapremie sponsa av Brimi seter: Skråpå-tå for to personar


Har du enno ikkje fått med deg kva for klassikarar kritikarane har kåra for oss, kan du lese meir ved å klikke deg vidare inn på heimesida til prosjektet. La deg inspirere til å delta i eit prosjekt som no femner heile 59 store og små bibliotek rundt omkring i heile landet. God lesnad!

Bloggar: Overivrige Merete




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar