Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 8. mars 2019

Travel er reise på engelsk

Den travlaste veka i vise kvinners minne går mot slutten, men aldri så travel at vi forsømmer bibliotekdagboka.

Måndag starta friskt med Boklek og besøk av Anna R. Folkestad og skulestartarane og ein kaputt projektor. The stress was on frå fyrste stund, men heldigvis og takk og lov redda barnehagen oss med sin bærbare projektor og det vart eit rett så flott arrangement med dyktig formidlar og 26 lydhøyre barnehageungar.

Denne dagen skulle også sida til MODERNE KLASSIKARAR, prosjektet vårt der vi set fokus på ny norsk kvalitetslitteratur, vera skikka til å opp og gå slik at ho kunne publiserast for alt folket. Vi fekk ikkje til alt akkurat slik vi ville, men i det store og heile er vi synest vi sida vart bra. Nå ligg lista med dei 25 nye klassikarane ute, oversikt over forfattarane som er representerte, dei 56 biblioteka som er med og informajon om oss og om prosjektet. Vi synest det er veldig moro og stor stas at så mange bibliotek ville bli med i klassikar-prosjektet! I vekene som kjem, presenterer vi ein ny klassikar kvar måndag med omtaler laga av kritikarane.

Onsdag var det avreise til Trondheim og presentasjon av Årets kulturfondbøker 2018 for bibliotekarane i trønder-hovudstaden. Tysdagen gjekk med til siste førebuingar og finpuss av foredraga. Enkelte av oss måtte sågar ut på bygda for å få hanke inn bøker vi skulle prate om.

Torsdag gjekk i eitt med verdas beste morgonverd, to x tre timar formidling av verdas beste kulturfondbøker frå 2018, 34 bøker for 45 trønderbibliotekarar, og taxi til toget. Det var trøytte, men tilfredse bibliotekarar på toget heim om ettermiddagen. Vi set stor pris på å bli inviterte til Trondheim, hyggelege attendemeldingar og trivelege trønderar. Tusen takk for invitasjonen til Trondheim folkebibliotek!

På heimebane steppa vår gode hjelpar Tonje inn slik at bibliotekdørene var opne også denne dagen. Til alt overmål låg det pakke til oss på skranken da vi kom heim. BibliotekAre og viskvinnene vart svært glade for nytt, rosa verkty og sender den godaste Tonje ein stor takk!
Får ein plotta inn eit møte med sjef Trond og ynskt vår nyaste medarbeidar Shahrookh velkommen på tampen av det heile, så må ein kalle veka fullbrakt. Vi synest det er stor stas at Shahrookh ynskjer å vera på biblioteket for å lære seg meir norsk denne våren. BibliotekAre blir hans næraste og beste læremeister. Vi håpar at han vil trivast i lag med oss. Med ynskje om ei god og avslappande helg for oss alle!






Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar