Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 1. mars 2019

Dugurdstrivnad

Vi gjorde i dag eit nytt forsøk på å invitere til ei kvilingsstund med dugurd og høgtlesing, midt under sjølvaste VM. Ny, sårt tiltrengt blome vart kjøpt inn til bordet, bibliotekarane plukka fram kvar sin favoritt, medan nytt av dagen var dyktige bygdekvinner som kokte kaffe og smurde kakuskiver for oss - ja, til og med ferske vaflar og heimelaga syltetøy kom dei med! Vi var jo spente kor mange som ville prioritere litterær dugurd framfor heftige pulsaugeblikk ved fjernsynskjermen på slik ein vidunderleg vinterdag, og stor var gleda då heile 18 personar fylte opp kaffekoppen, forsynte seg med bygdekvinnemat og tok plass ved borda for å høyre oss lese.

Offentleg dugurd tvingar fram  ein liten handel.

Det hadde kome oss for øyra at ein av tilhøyrarane jamvel valde å feire 60-årsdagen sin hos oss denne stunda framfor å vere på arbeid. For eit godt val! Såleis vart heile dugurden opna med feststemt allsang for ein mildt sagt overraska jubilant, som blygt la bundingen ned i fanget eit bel medan ho tok i mot hyllesten.

Bygdekvinnemat - ypparleg dugurd!

Are opna med å lese frå siste boka til Levi Henriksen: Jern og metall, ei bok som vil femne mange lesarar med dei velskrevne novellene, medan Rita nytta høvet til å seie eit par ord om Klassikarprosjektet vi lanserer måndag. Som dei første i verda, fekk tilhøyrarane då også ein smakebit frå ei av bøkene som er med i den førebels hemmelege, utvalde lista, og vi kan grunna lanseringa ikkje nemne denne før måndag. Eg avslutta med eit utdrag frå den humoristiske og stilig gjennomførte boka Det merkelige tilfellet Leira og Doktor Didriksen av Martin Tesli.

Foto: Fjuken v/ Vigdis Kroken 
Vi satsar på å invitere bygdefolket til dugurd ein gong i månaden framover, dersom interessa er til stades og folk trivst med den enkle pausa før helga. Takk til alle farmmøtte, takk til bygdekvinnene, og takk til Toro, som velviljug passa skranken medan bibliotekarane fekk utfalde seg på scenen. God helg!

NB: Merk at vi onsdag neste veke har ope mellom kl 10 og 15, då vi reiser til Trondheim på formilding om eftan!

Mett bloggar: Merete





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar