Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. februar 2019

«Det er bizart, at danske biblioteker ikke bruger alle kræfterne på at fremme læsningen»

Dette er orda til Jeppe Bjørn, kultur- og bibliotekschef i Lyngby-Taarbæk Kommune i Danmark i hans kommentar i Berlingske  17. februar. Nesten kvar femte danske opnar aldri ei bok, og fokus på å styrke lesinga, burde vera ei primæroppgåve for alle landets bibliotek, hevdar Bjørn. 

Men dette er ikkje tilfelle. Innsatsen for lesing og litteratur har dei siste tiåra blitt gradvis tona ned i biblioteka. I staden har andre oppgåver og funksjonar fått meir merksemd; biblioteket som møteplass, debattarena, makerspace, utlån av idrettsutstyr, biblioteket som arena for samskaping. 

Alt dette er samfunnstenlege og viktige oppgåver, men som Jeppe Bjørn og Ørjan Persen på Bergen offentlege bibliotek, deler vi bekymringa for at dette kan gå seg ut over kvaliteten på biblioteket som institusjon for litteratur og formidling. Skal biblioteka vera for litteraturen, det Vinmonopolet er for alkoholen, har ikkje vi med små ressursar kapasitet til å drive med alt mogleg anna, sjølv om det er aldri så samfunnsnyttig og i tida. 

Vi deler også Jeppe Bjørns håp for Noreg og den nye bibliotekstrategien, og fablar om ein ørliten studietur til Lyngby:
«Derfor er det mit klare håb, at den nært forestående revision af biblioteksloven vil formulere et klart og entydigt formål for bibliotekerne: det skal handle om læsning, dannelse og folkeoplysning.» 

Elles er vi i denne stund midt inne i vår mest hektiske formidlingsperiode. Vi les og lagar powerpointar på spreng til presentasjon av Årets bøker 2018 for bibliotekarar i Trondheim og Innlandet i mars. Onsdag denne veka var BibliotekAre på Dovre og preika teikneseriar ut av hylla. I dag er han i Skjåk og presenterer ungdomsbøker. I stad kom bestemorbibliotekaren att frå ungdomsskulen med hekstisk blussande kinn og tendensar til fransk aksent. Vi avsluttar med ein saftog smakebit frå dagens formidlingsaktivitet for 8. klasse. Au revoir, da!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar