Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. februar 2019

Klassikarar for framtida

I 2017 fekk Lom folkebibliotek prosjektmiddel frå Fritt Ord til å formidle klassikarar i bibliotek. Vi ynskte å sette fokus på moderne klassikarar; nye, norske utgjevingar med potensial til å bli klassikarar i framtida. Vi valde å avgrense utvalet til utgjevingar frå åra 2013 til 2017, det vil seia bøker som alle norske folkebibliotek har mottatt gjennom innkjøpsordninga og har i samlinga si.

Vi fekk med oss fire av dei fremste litteraturkritikarane i landet, Bernhard Ellefssen, Janneken Øverland, Bjørn Ivar Fyksen og Merete Røsvik, til å kåre ei liste med 25 nye klassikarar. Dei gjorde jobben grundig, men radig, og lista med korte omtaler til kvar bok, var klar for meir enn eit år sidan. 

Nå er også marknadsføringsmateriellet klart, og i starten av denne veka sende vi ut tilbod til dei andre biblioteka i landet om å bli med oss på prosjektet. Biblioteka i Sarpsborg og Trondheim hadde vi invitert med på laget frå før. I skrivande stund har 46 bibliotek til frå rundt om i heile landet sagt ja til å bli med. Det synest vi altså er tipp topp strålande!  

Rundt 1. mars blir det oppretta ein nettstad til prosjektet der vi deler ein ny klassikar kvar veke i 25 veker. Vi har også planar om ein liten formidlingsturné i løpet av året og sjølvsagt eit arrangement her i Lom. I tillegg håpar vi at prosjektet får bra med pressedekning, at det blir arrangement rundt om i landet og på ein gjeng blide og stolte forfattarar som får blest om bøkene sine.

Følg med for fleire oppdateringar om klassikar-prosjektet vårt framover. Nå gler vi oss over alle biblioteka som blir med og set fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019! Det på same dag som vårsola kleiv fjella og titta innom biblioteket att etter månader, eller var det år, med fråvær. 

klassikar-prosjektet har også motteke støtte frå Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk. Tusen takk til dei som har støtta oss og gjort det mogleg! 

Rita 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar