Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 8. februar 2019

I takksemd til oppdraga

Oppdraga strøymer i flokk inn til gjengen
med iver og glede tek vi bøkene fatt,
med dei likaste perlene skjult under vengen
før ein kollega kaprar dei glatt.

Først var Merete på Rena med Linn
der Bokårprosjektet frå fylket vart starta
No ligg ein bevrande Are og spinn
med teikna seriar han trast er i farta!

Så skal Merete til 8. klasse
der bøker skal pratast til jente og gut
Ein stabel med bøker, `kje stor, men heilt passe
skal plukkast og lesast av hyllene ut.

Så, ser du, dreg vi i storfremonvisitt
alle vi tre i ein grom samla tropp
Are i bart og vi i damerekvisitt
der Trondheim er neste stopp.

Sidan står Sørum som neste på lista
der dameduetten igjen skal få prate om sitt
kanskje vil fleire i landet seg frista
av slikt som vi driv med både ofte og tidt?

Til Førde det så ber av stad for den eine;
som i fjor skal Merete med Linn ta ein tur,
men SÅ er vi endeleg i gang, skal vi meine
med eit storflott prosjekt vi nå har på lur!

Og så, mellom slaga, vi pratar til lunsj
for det er trass alt her heime vi bur
Vi freistar med ein månadleg litterær brunsj
og ønskjer at mange vil ta seg ein tur!




Bloggar med oppdrag: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar