Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 1. februar 2019

Søsterklokkene

Da eg opna innleveringskassa i dag, fann eg ei bok som låg i ein blank plastpose. Posen var knytt med ein nett liten knut på toppen. Inni posen låg boka Søsterklokkene av Lars Mytting. Og eg tenkjer det, Lars, at same kor mange spaltemeter med omtaler du har fått for boka di, så er kanskje dette den beste meldinga av dei alle, frå Julie (82). I alle fall ville eg sjølv tykt det.

Tankane går også til omsorga i posen som boka var lagt i, og til ei tid som var, da folk var flinkare til å ta vare på saker og ting og for fram med meir varsemd for alt rundt seg. Tankane vandrar vidare til ei line som Tor Jonsson  drog opp og sette att etter seg på den litterære himmelen vår: "Her må ingen kaste stein eller såre seljegrein." Søsterklokke, bok eller blome, kjem ut på eitt.

Søsterklokkene går vidare til neste lånar på lista, nå med ei god lesing av Julie mellom kronblada.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar