Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. januar 2019

Miljøhuset vårt!

Miljøhus.  Ta det ordet i munnen. Sei det høgt. Høyr kor godt det kling! Det kling godt i øyro, i samtida, i folket, i teorien. Og det fungerer i praksis!

Mange bibliotek har i nyare tid bygd opp eit tilbod der dei låner ut både idrettsutsyr, reiskap og andre tenlege ting til folket. Vi har diskutert dette her i kollegiet ved fleire høve, men plassmangel og andre avgrensingar har gjort sitt til at vi ikkje har begynt med dette. Men fortvil ikkje!

Eldsjel Aukrust ved kontorpulten
Med middel frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har Lom IL ved eldsjel Bjørn Ola Aukrust derimot no bygd opp ein gild ustyrsbank av sports- og friluftsutstyr i underetasjen i gammelprestgarden. Det er kun innkjøp av pc og skrivar som er nytt i rommet, og bortsett frå løna til Aukrust, er dette alt utstyrsbanken har brukt pengar på. Absolutt alt av utstyr og klede er gjenbruk frå heimar i Lom. Folk har rydda, sortert og levert så mykje flott utstyr! Aukrust starta heilt i det små, med tanken om at dersom han fekk inn berre eitt par fotballsko som han klarte å låne ut til ein person, og slik gav vedkomande høvet til å delta i ein aktivitet han/ho elles ikkje ville møte opp på, var mykje oppnådd. I dag er tilbodet stort og variert.
Klede, joggesko, hallsko, ski, skeiser, sekkar - alt finst der!
I utstyrsbanken kan absolutt alle få lånt utstyr heilt gratis, nett som på biblioteket, og slik blir institusjonen ein tilretteleggjar for allsidig aktivitet for alle i alle aldrar og i alle lag av folket. Gjenbruk er miljøvennleg og økonomisk, og alle treng jo ikkje ha alt av utstyr til einkvar tid. I tillegg får Aukrust inn ein del klede han rett og slett gjev bort til ungdom og vaksne som har vakse frå seg, ei kjærkomen og uventa gåve for dei som blir overraska med dette. Han understrekar at tilbodet går ut til absolutt alle, og han har også hatt besteforeldre innom som har lånt utstyr for å ta med barnebarn ut i vinteren på ein aktivitet dei utan utstyrbanken truleg ikkje ville ha gjort saman. Andre har hatt store vennegjengar på besøk frå andre stader i verda, og har då fått lånt utstyr til dei tilreisande for at alle skulle få prøve seg ute i den norske vinteren. For eit tilbod!

Orden i rekkene
Med dette kan vi då døype om Game Loar til Miljøhus. Biblioteket, utstyrsbanken, vaksenopplæringa, avdeling for psykisk helse, samt Loarutsalet med stuttreiste produkt frå bygda, byggjer bruer  mellom menneske og skapar opplevingar og samhald med fokus på miljø og helse. Kom og bruk oss!

Neste laurdag, 2. februar, vil Utstyrsbanken ha open dag mellom kl. 11 - 13, då alle som ønskjer å sjå lokala og utstyret er velkomne innom. Nytt høvet til å låne med deg ei bok eller tre frå førsteetasjen i same slengen, og kanskje ein film? Til vanleg er Utstyrsbanken open onsdag mellom kl. 17 - 19. Dersom du har klede, ski, sko, skøyter, ein ryggsekk eller anna ustyr som ikkje lenger er i bruk, blir Aukrust svært glad for å få dei inn i samlinga til glede for fellesskapen. Då bibliotekaren besøkjer han denne fredagen, kan han fortelje at svært mykje av spesielt skiutstyr for tida er utlånt, og behovet er stort. Kanskje denne helga er tida for å ta ei opprydding i skapa heime?

Bloggar: Merete, som no ikkje lenger kan skulde på at ho ikkje har skeiser....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar