Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 18. januar 2019

Den store høgtlesingsdagen

I morgon er det klart for avspark for Bokåret 2019. Ein nasjonal høgtlesingsdag står fyrst på programmet. Rundt om i bibliotek over det ganske land, vil forfattarar, bibliotekarar og bokelskarar lesa høgt frå tekster dei er glade i. 


Ivrige som vi er, greidde vi ikkje vente heilt til laurdag, så vi arrangerte vår eigen høgtlesingsdag i dag. Vi inviterte til Litterær lunsj med kaffi, kakuskiver og appetittvekkjande tekster. Vi tykte det var stor stas å få presentere tekster vi set pris på til eit svært triveleg publikum. Dette har vi hug til å gjera meir av!

BibliotekAre las frå favorittnovella "Monopol" av Levi Henriksen som handlar om ei finurleg ordning der Monopolpengar står sentralt. Tips til menneske som har "løst" til å piffe opp saker og ting. Vi seier ikkje meir. 

Merete gjekk til lokallittertauren og las frå Ivar Kleivens "I gamle Daagaa". Frå denne serverte ho setningar som "Døm va like høge di tvo, for da døm va onde Sylater-Maal hengde døm Kraaka paa Øyra deres og ette di va døm minst 4 Tumme paa fjorde alne." Det var han Stor-Jo og han Hans Hollbø.

Underteikna las frå "Sommerlys og så kommer natten" av favorittforfattar Jón Kalman Stefánsson. I denne gjennombrotsboka deler han historier, draumar og lengslar til menneska i ein liten landsby på Island på sitt eige vemodige og veonderleg vakre vis. Bortsett frå ein ørliten sprekk i stemma da ho kom til den stakkars Benedikt som sit ved kjøkkenbordet og er så einsleg at vi ikkje kan setja ord på det, gjekk det bra: "på kjøkkenbordet ligger ikke annet enn hendene hans, og tiden går, eller slik det står i diktet. "Det finnes sår så dype og så nær hjertet at  til og med regnet på kjøkkenvinduet kan være dødelig". Og ho tilrår sjølvsagt Kalman Stefánsson på det varmaste.  


Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar