Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. januar 2019

Stormen hyllar stormen!

Sjefen i stormen 
Ein kan vera så jorda og reinspikka realist ein berre vil, men denne gongen trur eg den hissige stormen over nordre delar av landet dei siste par dagane kom blåsande for å hylle sjølvaste Stormen. Då det hissige nyttårsveret i går herja som verst, vart sjølvaste Stormen bibliotek i Bodø tildelt den gjæve prisen Årets bibliotek 2018! Vi sender av stad ein rykande varm gratulasjon med blåsten frå ei januarsur lomsbygd, der sjefen i dag sleit stygt med å halde på både huve, dusk og skilt i dei verste kasta. Vi deler gleda over den velfortente prisen med Stormen, ein pris som for vår del har sett fart i planane om å visitere Bodø og den vidunderlege øya Landegode frå boka til Elin Åsbakk Lind. Kanskje blir Bodø vårt neste studieturmål?

All lykke framover for Stormen! Vi sjåast!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar