Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. oktober 2009

Når sjefen er borte, dansar binnene på bordet

Tysdag feira vi den internasjonale teddybjørndagen på biblioteket. Eller det vil seie, sjefen reiste til Hamar, utan slakt, men med håp om å lære noko om å lage digitale forteljingar til nettstaden Digitalt fortalt. Sjefen hadde ikkje før left the building, før dei to vise som var att kledde seg i sine mest utfordrande binnekostymer og inviterte McTeddy til å hospitere på biblioteket som bamsedoktor. Medan den digitalt bortkomne var på desperat jakt etter Fylkeshuset i jungelen av vegkryss og omkøyringar i Hamars gater (ja da, veit det ikkje er eigedoms -s på nynorsk, men i bloggen er tøylene friare, høgda på taket når til himmels og det høyrest betre ut!), tikka den eine biletmeldinga etter den andre inn og fortalde om kor fortreffeleg kosleg denne trioen hadde det når sjefen var borte, til og med bamsemums hadde dei mumsa seg med! Dette var dei vel unt og omlag 150 besøkjande kosa seg saman med dei i løpet av dagen. Eit 40 tals bamsar og binner fekk stilt diagnosene sine, fekk plaster på såra og tabletter for resten.Leo som bibliotekbamsen i år heiter, var så heldig at han vart vunne av denne vesle frøkena som heiter Vårin. Før han reiste i går, kviskra han til oss at han følte seg priviligert som slapp å bli liggjande på eit kott med gråpapir rundt magen, han følte seg rett og slett som ein rik bamse i den rette forstanden av ordet. Vi håpar desse to får mange koslege stunder saman!

Bloggar so far: Digitalt fortapte Rita



Ja, dette var sjefa sin versjon av den minnerike dagen... Men tenk å reise ut i verda på karrièrejag og la to fyrrige binner bli att einslege med Mc Teddy, da! Når slik ein kvitkledd stramming kjem svevande inn i lokala våre med stetoskop rundt nakken og bamsemedisin i lomma, er det reint så ei sveitt, lita bjørnemor blir mo i knea, må vite... Det var såleis ei lukke at eit mystisk syndrom hadde slått føtene under rett så mange småbjørnar i Lom denne haustkvelden, slik at Mr Handsome hadde timelista fullteikna heile eftan. Binnene kjende seg faktisk så friske og opplagde at dei slapp legesjekk denne gongen, noko som truleg skuldast all den gode "medisinen" vi til stadigheit får servert av dei friviljuge frå nede i kjellaren. Fleire gonger i veka er vi nemleg dei heldige utvalde som får restane frå ymse aktivitetar i underetasjen, og i dag fleska Aud den Gode til med veldandert fruktcoctail i lekre koppar, samt vaflar og herleg Mor Monsen til fredagskaffen! Som sagt så mange gonger før: FOR ein arbeidsplass!


Ei ekstra helgehelsing går i dag til dei spretne elevane på vidaregåande som veit å nytte biblioteket sitt -og som tydeleg set pris på handleimpulsane til biblioteksjefen. Skikkeleg trivleg med ungdom og liv i leiren!


Bloggar : Merete Bjørnemor

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar