To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. oktober 2009

Skinnkledd lekkerbisk og nevenyttige kvinnfolk.


Som bibliotekarar i ei tid med rivande, teknologisk utvikling er vi vande med stendig nye, interessante utfordringar på ymse plan. Når vi endeleg kjenner oss fortrulege med ei ny abeidsmetode innan enno ein moderne, høgteknologisk reiskap, blir nye krav og forventingar tredd brutalt nedover dei velfriserte hårtustene våre. Veloppdregne som vi er, smiler vi tappert og går på med friskt mot på ny og på ny -og jammen tykkjer vi det er artig au! Det kjennest sunt å tvinge dei velmodne hjernecellene våre til ny, framand aktivitet, sjølv om dette bak undertikna sin skalle oftast kan opplevast som eit uendeleg maraton meir einn stutte, effektive intervallar. Når hendige, medgjerlege vaktmeistrar attpåtil tek ferie midt i arbeidsåret, lyt 3 (les 2) jordnære i tillegg mane fram all den nevenyttige, praktiske erfaringa dei har for å tilfredsstille eigne behov. Slik som når sjefa vår forelskar seg i ein skinnkledd lekkerbisk framom døra på Jysk, og kjem drassande med denne i ørten delar med påfølgjande myndige kommando : "Nå lyt åss montere, damo!" Også i slike samanhengar kjem trongen til system tydeleg fram i arbidsmåten til damene (jfr. Dewey og orden i kaos i tidlegare innlegg).

Underteikna er den lykkelege innehavar av presentasjonsbiten av barne- og ungdomslitteratur her på huset, og denne veka har vi vore ute på skulane og presentert ikkje mindre enn 12 nye, flotte barnebøker for lydhøyre elevar. Med hender og hovud fullt av bøker og nye oppdrag, fekk eg såleis fritak for praktiseringa av løfting, skruving, tolking av monteringsrettleiing og påfølgjande utfordrande, gymnastiske øvingar. Men ein har det då ikkje meire travelt enn at ein kan forevige gode kollegaer i stri tørn på golvet, medan skryten hagla over dei flittige arbeidsjerna som utfalda seg inne på mediarommet.



Stolte kan vi no altså invitere lånarar til ei avslappande stund i den nye, flotte sofaen vår. Dette rommet har etter vår meining vorte ei innhaldsrik perle på biblioteket, med lokalhistorie, lydbøker, filmar, musikk, engelsk litteratur og ungdomsbøker -alt samla i ei ljos atmosfære med gode, nøye utvalde fargar.


God helg, og velkomne til ei trivleg stund på biblioteket!

Bloggar: unyttige Merete

5 kommentarer:

  1. NYTTIGE, Merete!
    Nevenyttige R.

    SvarSlett
  2. Moro å lese, og flinke damer! Gratulerer med lekker sofa :-)

    SvarSlett
  3. Jeg er imponert!
    Hilsen Gunvor B. Rustad

    SvarSlett
  4. Sisters are doin' it for themselves, veit du Gunvor;)
    R

    SvarSlett
  5. Fin sofa : )

    Hilsen Sigrun

    SvarSlett