Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. oktober 2009

He was just some Joseph looking for a manger...

"En gang i Nasaret for lenge siden, i Juleevangeliets tid, levde det en mann som het Josef". Slik startar "Fortellingen om Josef", forestillinga som Ole Paus har reist rundt med i fleire år og nå ført i pennen. Han unte denne tømmermannen ei betre skjebne enn skuggen, og gjennom denne vare og poetiske forteljinga formidlar han ei av dei vakraste kjærleikshistoriene gjennom tidene. Josef var stolt av to ting her i livet, at han var ein dyktig handverkar og at han var mannen som elska Maria. Han elska Maria utan atterhald "med en kjærlighet som ikke kjente til tvil eller skygger...Alt det han skapte bar Marias navn som en usynlig signatur i trevirket." Som kjent vart kjærleiken deira sett på store prøver, men Josef stod last og brast med Maria gjennom jomfrufødsel, skam, hånlatter og ukvemsord. Sjølvsagt hadde Josef ein sjølvskriven plass i Paradis når den tid kom, men det var ikkje fritt for anna enn at Vårherre hadde dårleg samvit for denne mannen og det livet som hadde blitt han til del. Men Josef kunne forsikre Vårherre om at han var av ei anna oppfatning, og vil du høyre ei av dei nydelegaste kjærleikserklæringane ein kan tenkje seg, lagt i munnen på ein enkel tømmermann frå Nasaret av ein norsk visesongar 2000 år seinare, må du skunde deg til biblioteket og låne boka - du kjem ikkje til å angre, viss du ikkje er som Gabriel da..."Han eier ikke sans for poesi"!

«Noen mennesker er så vakre at de blir syke av det. Det er dette myke barnet som tar inn hele verden, som ikke kan lukke seg for noe. Jeg har en slik venninne. En gang lovte jeg at uansett hva som skjedde med henne, så skulle jeg fortelle hennes historie videre. Det må du love meg, sa hun. Du må love at hun som kommer etter meg, får vite hvem jeg er. Eller hvem jeg var. Jeg lovte henne det.» "Engelen" av Margreth Olin, boka bak filmen om Pia, ei jente som lever som narkoman i Oslo, har også kome til biblioteket. Som de ser av utdraget over er dette også ei vakker forteljing som gjer inntrykk. Filmen er i bestilling.

Elles har dei tre travle vore opptekne med datakurs for nybyrjarar, bokpresentasjonar, kurs i 23 ting om Web 2.0, sofamontering, planlegging av Bamsedag, skranketeneste og tråkling for å få dagane til å gå ihop denne veka. Vi har hatt noko problem med den nye heimesida og beklagar dette overfor brukarar som har streva med søk og innlogging, men nå ser det ut til å fungere som det skal. Sidan sist har vi også motteke ein klage frå PFU på blogginnlegg av 16. oktober. Klagen vert teke til fylgje og bibliotekar R beklagar overfor 12 åringen sin at ho har oppgjeve feilaktige opplysningar om hårbørstinga, det tok litt av når det gjaldt tidsbruken! Mamma var berre litt morgonheksete den dagen...

Tittelen på blogginnlegget i dag "He was just some Joseph looking for a manger" er henta frå "The stranger song" av Leonard Cohen: http://www.youtube.com/watch?v=RLq7Aqd_H7g&feature=related

Just some blogging librarian

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar