Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. november 2009

Inkontinens og fantasiflukt

Også i dag har vi to småvise husert åleine mellom reolane her, då den digitalt bortreiste sjefen atter slit lærebenken for å finne fram til nye måtar å fortelja historia vår på. Vi gler oss stort til vi får sjå og høyre resultatet av desse kursdagane!

Sidan vi sist tysdag fekk låne grasenkjemann Teddy ein heil efta, har vi i dag gjort opp for lånet med å lage ein trivleg liten krok ved inngangsdøra vår til bamsekona hans kjem att med digital inspirasjon. I lang tid har vi nemleg hatt ståande ein flott kaffiautomat rett innom døra her, ei maskin som i månadsvis har slitt med ein hardnakka, uhelbredeleg inkontinens. Om det var det konstant varme, reine Loms-vatnet som sildra for lett i røyra, eller om skaden skuldast andre, mindre heldige omstende, skal vera usagt, men dagen kom då vi såg oss nøydde til å pensjonere stasen. Denne er såleis no erstatta med ei stasleg, slank kanne i børsta stål, eit innbydande glas med malne kaffibønner av finaste sort, samt nøye utvald te frå det store utland. Den varme drikken kan serverast i moderne, burgunderraude krus av god pappkvalietet, og kostar kun 5 blanke, norske kroner. Slik kan vi atter by lånarane på ein kopp varm te eller kaffe på sure vinterdagar framover. Noko bilete av anretninga blir det dessverre ikkje, då fotoapparatet er ute på oppdrag i den oversiktleg ryddige veska til sjefen...


Elles har kvelden for underteikna vore ei mental flukt inn i ein stor ask med nye, fantastiske barnebøker. Her var både ny bok om radarparet "Svein og rotta", ei etterlengta ny bok av Maria Parr om "Tonje Glimmerdal", ei stasbok om "Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar" av Ole Røsholt, ei ny overrasking frå Tone Kjærnli, samt første bok i ein garantert utlånssikra ponniserie av Berit Bertling: "Milla og midnattsmysteriet". Slike kveldar er det heilt greitt at regnet silar ned over rotne issvullar og vinden piskar illsinte dropar mot glasruta i den gamle prestegarden her ved foten av Lomseggen.



Bloggar: framleis arbeidsføre Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar