To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 6. november 2009

Norsk lyrikkhistorie på 3,5 min

Kravet om effektivitet blir stadig større i samfunnet vårt. Dette er noko dei 3 vise har teke innover seg til fulle den siste tida og det toppa seg i dag. Vi hadde budd oss på koseleg besøk av sprenglærde 3. klassingar frå den vidaregåande skulen som stod på tur til å ta eit djupdykk ned i den norske lyrikken. Jau da, eg hadde laga bokutstilling og delt lyrikkhistorien inn i epoker og klistra sirleg skrivne klistrelappar på veggen. Mi kjære kollega Merete hadde pliktoppfyllande funne dei viktigaste lyrikarane i kvar periode og vi var eigentleg nokså tilfredse med oss sjølve og klare for storinnrykk. Merete hadde nær sagt som vanleg (merk: det var berre nær sagt, Merete) planta seg i skrankeposisjon klar til endeleg å få låne ut noko av denne fine lyrikken vår som så altfor sjeldan er ute av hyllene. Eg skulle få æra av å syne dei utstillinga og rettleie dei litt i val av bøker og forfattarar. Elevane kom i 3 puljer á 15 min. så med boklån inkludert i tida så rekna vi med at dette skulle vera grei skuring. Men det gjekk etterkvart opp for meg at dei ikkje kom for å LÅNE bøker. Nei da, dei kom for å få "eit komplett oversyn over den norske lyrikken framført med stor glød og entusiasme" som kickåff til lyrikkprosjektet. Stotrande stod eg nå der da framfor all denne kjekke ungdommen og kunne ikkje anna enn å lire av meg namna på denne namnelista eg hadde å klamre meg til. Irrgangane i den poetiske realismen, nyromantikken og modernismen er eg redd de må be Ellen om å gje ei grundigare innføring i. Men effektivt var det og bokutgjeving er vurdert: "Norsk lyrikkhistorie på 3,5 minutt". På biletet ser de dei ivrigaste elevane som sleit med å rive seg laus frå lyrikkhylla.
Elles har vi for tida triveleg selskap av ei mengd sjølvproduserte og eigenarta Knerten-figurar som 4. klassingane på Loar har laga. Desse figurane har verkeleg sjel og er vel verd å avleggje eit besøk. Vi måtte også ta med eit lite Knerten-sitat i dette høvet der de ser ein av dei mest likehendte brudgommane som har gått til alters i Norge gjennom tidene: "Du Knerten, vil du ha Karoline som ved siden av deg står, til kone? Så får jeg det da, og så var Knerten og Karoline gift." Det må tilføyast at dette var eit tvangsekteskap, men berre Knerten fekk kalle ho hustru istaden for kone og når han innsåg fordelane med å ha ei heimeverande kvistmor til å ta seg av mann og barn, gjekk alt så mykje betre.I førre blogginnlegg mangla det bilete av det nye kaffe-/tebordet vårt og det vart meir enn hinta om at kameraet mest sannsynleg hadde gått seg bort i den lett kaotiske veska til den digitalt bortreiste. Som de ser har kameraet dukka opp att og nå ventar vi berre på trivelege kundar som tek seg tid til ein prat og ein kopp i lag med oss. God helg!

Effektiv bloggar: Rita

5 kommentarer:

  1. Så flinke døkk æ da :-) God helg!!

    SvarSlett
  2. Flinke å flinke, Mari, det føles ikkje alltid slik...Men takk likevel! God helg til deg også:-)

    SvarSlett
  3. Eg gler meg altså så frykteleg på denne boka! Endeleg eit stuttfatta oversyn over norsk lyrikkhistorie, ført i tastane av sjølvaste sjefen! DÅ kan vi briljere for seinare studentar, då!

    Merete notøse

    SvarSlett
  4. Herlig, herlig! Herlig situasjonsbeskrivelse!

    SvarSlett
  5. Læraren,Ellen må berre gratulere med innsats, og eg er lei for at eg ikkje fekk vere tilhøyrar. Eg har stor sans for effektiv og effektfull??? læring. Ser fram til samarbeidet med fordjupingsemnet i februar......

    SvarSlett