Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. mai 2010

Alla vägar har sitt pris

Kva gjer du når du har noko viktig på hjartet, men er redd og konfliktsky? Jau, du pakkar bodskapen pent inn i eit humoristisk papir, gjerne eit som høver for barn. Om Tove Jansson har desse eigenskapane skal vera usagt, men det er iallefall mykje kraftig visdomskost ute og går i Mummidalen. I sitatboka "Alt som er hyggelig er godt for magen" flyt det over av livsvise gullkorn, noko som visdomshungrige kvinner sjølvsagt fell pladask for. Det var Sniff som ga meg stikkordet til dagens blogg. "Det er merkelig med veier og elver, grublet Sniff, du ser dem dra forbi og får forferdelig lyst til å være et annet sted. Å bli med dem og se hvor de ender..."

Mykje har vore sagt og skrive om vegar. Dei finst av så mange slag. Dei breie fleirfeltsvegane som er bygde for fart og spenning. Dei trygge midtrabattvegane der du kan liggje til evig tid utan å krasje med motgåande køyrety, men risikerer å somne. Det finst dei smale, svingete, adrenalinkickande som gjev det gode utsynet. Det finst stigar. Stille skogstigar med bregner og gauksyre langs leia. Det finst ville, nesten uframkomlege fjellstigar som kan ta deg til uante høgder. Det finst vanskelege vegkryss, evige rundkøyringar og blindvegar. Uansett veg og val er det fint å ha gode venner langs vegen som du kan dele ein kaffekopp og ei etterlengta stund i sola med.

I "Veien til verdens ende" skriv Sigurd Hoel om gutungen Anders. I Anders si verd er far den øvste. Men far er mykje borte og når han er sint, dundrar og tordnar det. Men når han har tid og er blid og stryk Anders over håret, er ingenting i heile verda så fint som det. Anders vil så gjerne at far skal sjå han, å bety eller ikkje bety er spørsmålet. Far har eit stort og verdfullt skrivebord. Anders har kniv. Ein dag ser han for seg kor pent skrivebordet kunne bli dersom han skjer ut ei fin bord langs lista. Han fantaserer om kva far vil seie når han kjem heim og ser utskjeringa. Han kan nesten kjenne handa over hovudet og den stolte kjensla som spreier seg i kroppen når han får godorda frå far. Spenninga er stor når far går inn på kontoret. Det går lang tid. Anders reknar til 20 mange gonger. Så kjem det. "Det begynte å tordne inne på kontoret, - nokså lavt, men Anders kjente godt lyden. Det kom så uventet, det var som gulvet ble borte, han sank og sank..." "Veien til verdens ende" er eit blikk inn eit barnesinn. Arve Moen i Arbeiderbladet skreiv i 1958 at boka "eier all stor litteraturs sanne kjennetegn. Du kan ta den ut av hylla, åpne den på et tilfeldig sted og straks er du inne i fortryllelsen." Bloggaren seier seg einig.

Bloggar langs landevegen: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar