Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 28. mai 2010

LAUSRIVING...

LAUSRIVING, eit sterkt uttrykk, som har vore brukt i mange store samanhengar opp gjennom tida. Barn riv seg laus seg frå foreldre, nasjonar skil seg frå andre nasjonar, frigjering. Å lausrive seg kan vere både vakkert og smertefullt. Det kan gjere oss frie og sjølvstendige, men kan også etterlate oss i ytterste einsemd og isolasjon.

I går, i dag og i morgon styrer lillevisa boksamlinga heilt einsleg. Sjefsvisa er på Lillehammer saman med ei mengd boklærde og skribentar, på årets litteraturfestival. Bjerkebæk og Aulestad, Bjørnson og Undset er kjære og kjende trekkplaster, og årets tema LØSRIVELSE står med store bokstavar i programmet for desse dagane. Å lausrive seg frå noko tyder å knyte seg mot noko anna, ingen skal stå aleine. I litteraturen handlar det om å bryte opp og ut, om å sette samfunnet og historia i ny relieff, sprenge statiske verdsbilete og skape nye alliansar og kontaktar. Håpar litteratursjefen vår har fine og lærerike dagar i byen, men skal tru om ho greier rive seg laus og kome heim att til helga..

Den mellomvise styrar og stimar i heimen i høve dotter sin konfirmasjon, ein litt anna festival enn den sjefen deltek på, "familiefestival" kan ein vel kanskje kalle det. Men ikkje minst er vel også konfirmasjon eit symbol på lausriving. Konfirmasjonen markerar i norsk folkeleg tradisjon overgangen frå barn til vaksen, noko som har ein klar samanheng med at konfirmasjonen i fleire hundreår var knytt til skuleavslutninga og at konfirmasjon var ein føresetnad for å kunne inngå ekteskap eller å kunna trå inn i arbeidslivet. I dag ser ein nok litt annleis på dette, men like fullt er konfirmasjonen eit bilete på overgangen frå barn til vaksen. Eg er sikker på at familiefesten blir ein konfirmant verdig - og ynskjer døkk alt mogleg godt for helga! Kos døkk!

Så altså, her sit eg aleine da, lausriven - eller kva? Pågangsmotet er i orden, dette skal eg fikse fint, eg skal rive meg litt laus og skape min eigen festival her på bruket eg! Tenkte eg i går...
Så byrjar ting og skje; Skuleelevane har så smått byrja førebu seg på sommaren, nokre har alt byrja rydding av hyller og innlevering av bøker (ikkje alle bøker finst att), småstressa lokalbefolkning treng litteratur til heimeeksamen og andre eksamenar, nokon treng bøker vi har på magasinet i kjellaren (kvar er den nøkkelen da tru..), turistane strøymer til og både det eine og det andre når dei glyttar innom døra, kopimaskina er særs kjenslevàr, skrivaren som turistane skal nytte tygg papir, mange om gongen, og kvar har det vorte av videokassettane som det står at vi skal ha i hyllene...? Og som eg saknar dei store vise...!!!
Men det meste let seg ordne, eg pustar djupt og gler meg over utfordringane. Saman finn vi bøker som har vore sakna, vi finn bøker om tema det skal skrivast om, eg fann rett nøkkel, det kjem stadig innom svært trivelege sambygdingar og turistar, skrivarar og kopimaskiner er samarbeidsviljuge - ja alt ser ut til og falle på plass - i ny eller gamal form.

På-plass-att-komen bloggar: Aud - med ynskje om ei riktig god helg til små og store!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar