To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. juni 2010

Tapas frå ein litteraturfestival

Førre veke reiv sjefen med liten s seg laus frå kontorpulten i den gamle prestegarden og reiste til byen for å gjere seg feit på inspirasjon. Slike oppfeitingsturar fører til at haugane veks og fristar rykkjer enda nærare og går til alt overmål ut. Difor blir dette ein blogg i all hast med ørsmå smakebitar frå lausrivingsfestivalen på Lillehammer.

Mest tankevekkjande: I bilen, aleine med Hercule Barfuss, fødd på eit gledeshus i Köningsberg i 1813, kan korkje høyre eller prate, har eit hareskår som dekkjer store delar av ansiktet, dverg og manglar armar. Men han har fått ei sjeldan gave: Han kan lese tankane til folk. Den vidunderlige kjærlighetens historie - denne må eg berre høyre frå meg!

Saknar mest i Biblioteknorge: Nasjonal kampanje for å rette søkjeljoset mot bibliotek i media og blant  toppolitikarar. Gjennomført i Sverige 2006 - 2010. "Library lovers".

Mest å strekkje seg etter: Asker bibliotek! De imponerer!

Mest manisk: Vigdis Hjort: Korleis gjera pengar på ulykkene dine? Eikvar flause kan gjerast om til ein god historie som du kan skrive ned og få gjeve ut mellom to permar. Om å leva opp til myta om seg sjølv.

Mest tårevåte augneblink: Vesle, sterke Herbjørg Wassmo i samtale med Magnhild Bruheim om boka "Hundre år", om sin eigen familie, om barnet som skammar seg og om den gule notatboka under plankane i fjoset som hjelpte ho å halde ut.

Mest cool: Harald Eia med NY caps i duell med Thomas Hylland Eriksen - natur vs kultur.

Mest elegant: Utan tvil Kari Bremnes - i samspel med Ketil Bjørnstad! Mmmm, nyting!

Mest morosamt å vera fluge på veggen-oppleving: Litteraturquizen.

Mest hallelujastemning: Den unge fanskaren av intellektuelt uniformerte litteraturvitarara under foredraget  "Drømmen om den umulige boken" med Thomas Espedal.

Fekk lyst til å studere historie-oppleving: Sverre Mørkhagen og Torill Brekke: "Løsrivelsen fra Norge - utvandringa til Amerika"

 Mest lyst til å lese: Susan Abulhawa: "Morgen i Jenin"

Oppfeita bloggar: Rita



2 kommentarer:

  1. Så morosamt!
    - Helt enig i savnet av Library Lovers-kampanje i Norge. Opplevde den på bokmessa i Gøteborg både i 2007 og 2008, veldig bra tiltak var dette!

    SvarSlett