To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 4. juni 2010

The pinky way...

Oh-la-la!! Einskilde dagar er betre enn andre, og dette må seiast å vera ein av desse opplyftande, grumme dagane som lettar oss hakket høgare enn bakken og let oss sveve av stad på ein bokstaveleg tala rosa skydott. Fysst på dagen står sjølvaste Mr Handsome i døra med ein gild, brun ask under armen, og to vise får hektiske spenningsroser i framleis vårbleike kinn. Herlegheita som syner seg langt nede i botnen av sendinga er 3 rosa-rosa, berbare pc`ar i eit ualminneleg hendig format. Etter fleire år med papirsurr, forsvunne kursnotat, bortkomne bokpratskriveri og sakna, gule bloggidèlappar har den dyktige sjefen funne fram kroner til moderne utstyr vi kan nytte i heimen. Med heimekontor under pinky laptop er eg redd dama heretter legg føringar for kva vi føretek oss i ledige stunder etter endt innsats blant bokhyllene i Nasjonalparklandsbyen, men pytt -den risken tek vi med ein smil når vi får så trendy eit "fangbån" å klakke på. Underteikna kjenner formeleg allereie korleis bilringane dreg seg saman i krampetrekningar for å gjere plass til den blankpussa arbeidskameraten i det elles tronge fanget...

Elles er magasinet no på bikken til å syne seg i ny, ryddig prakt etter iherdig innsats frå Rita. Dag etter dag har ho forsvunne inn bak den vanlegvis vel attlatne døra, kasta det eine plagget etter det andre i kampens heitetokter (?), og kome ut att lettkledd og svimmel med blodsukker på høgd med ein spikjitet (les: kjøttmeis) mange timar seinare. (...eller har eigentleg spikjiteten så lågt blodsukker, tru..?) I fare for ei nær foreståande sjukmelding, fann dei undervise det etter kvart best å fòre sjefen der ho stod, trongt innstengd blant haugar av gild verdslitteratur og innfløkt fagstoff. Dama lot seg ikkje be to gonger, men gafla i seg salat og kruttsterk kaffe i håp om å halde adrenalinet på topp nokre timar til.


Ute skin sola omkapp med ivrige, gyllengrøne pollenskyer som hastar sørover i nordavinden, og dagens bloggar gler seg på å skli heim i skodaen og syne fram nyanskaffinga til ungdomane i heimen (-ja, og så smeden naturlegvis, men han får "bare se og ikke røre"...). Ha ei sprudlande helg!



Rosa fredagsbloggar: Merete

7 kommentarer:

  1. Nå har eg sitji sett på, og lese bloggen, i ca 1,5t - men har enda ikkje funne på noko skrive.. For ein fantastisk overraskelse på ein fridag!! Dette si alt om sjef og arbeidsplass!
    Rett og slett ein rosa verden!! Jesss...
    Klem frå Aud

    SvarSlett
  2. Så bra! Gratulerer! Og så heldige som fikk lekkerhetene til tross for transportstreiken. Jeg bestilte en liten lekker en (ikke rosa) den 13. mai som strandet i Köbenhavn. Sikkert et bra sted å være det, men ...
    Eldbjørg

    SvarSlett
  3. Døkk prøve døkk kje på karn min vette?? (!) ;P

    Marianne

    SvarSlett
  4. Aud: tenkte dette var noko for deg, ja -og du kan berre gle deg på heimearbeid :))

    Eldbjørg: kankje du må ta weekenden din i Køben?

    Marianne: ingen fare, kar`n din bit nok ikkje på slike halvgamle, fåvise fruentimmer -men visst er han god til å bestille pc`ar :D

    SvarSlett
  5. Alt heimearbeid går som ein drøm m så lekkert utstyr da veit du Rita!

    SvarSlett
  6. Herlig! Men velg MAC neste gang :-)

    Hilsen Torill

    SvarSlett
  7. sjefen vil berre minne om at på den vesle rosa ligg Bok i P2, bokbloggar og bokomtaler lett tilgjengeleg. Og bloggen vår ligg alltid klar for nye oppdateringar...

    SvarSlett