Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. juni 2010

Utan sommarmat og drikke...

Dei tre vise svevar framleis rundt på rosa skyer, det er faktisk svært behageleg for å seie det slik, og så føler ein seg så ung og nett med ein slik liten fancy rosa laptop på fanget.
Og som ikkje det er nok; denne veka har dei tre vise ein ung herremann med seg i den daglege tralten. Dette likar vi! Kjekke, nykonfirmerte 9. klassingar har arbeidsveke, eller praktisk yrkesorientering som det formelt heiter. Og jammen var vi så heldige at det var ein som ville vera hjå oss i år òg. Knut er ein oversiktleg og ryddig kar, som lett tek all den informasjon vi lirer ut av oss. To - tre vise pratar og fortel på same tid, om ulike ting, det er ikkje enkelt og fylgje med. Men Knut ordnar med fjernlån, sender ut varsel om innkomne bøker og purringar, kasserer og stemplar - og plutseleg står han i kontordøra til Mama Rosa (sjefen) og er klar for nye oppdrag! Ho har si fulle hyre med å finne oppgaver.



Nye utstillingar er på gang, vi er som alltid opptatt av åndeleg og/eller fysisk føde. Helst båe delar heile tida kanskje.. Men denne gongen har sommarmaten fått skrankeplass, vi kan friste med bøker om grillmat, salatar, smoothies, mat på tur og mykjy anna godt som høyrer sommaren til.
Kan særskilt nemne ei ny bok vi har om frisk juice og smoothies.
Vi kan fråtse i friske frukter, bær og grønnsaker og lage smakfulle ferskpressa frukt- og grøntkombinasjonar etter ynskje og behov, heile året. Flytande føde er lett fordøyeleg, verkar rensande og oppkvikkande - og smakar godt! Er ein forkjølelse på gang, kjenner du deg trøytt og uopplagt, eller er du f.eks. plaga av øyreverk, tørr hud eller høgt blodtrykk, finst det ein juice eller smoothie som har gunstig effekt. Boka inneheld 365 oppskrifter, ei for kvar dag i året om du vil. Det er berre å smake seg fram!


Når dei to underordna vise ikkje drøymer seg bort blant sommarmat- og drikke, eller påbegynt utstilling om Sør-Afrika og fotball-VM, svingar vi oss med kvar vår rosa støvklut, kaninane som har gøymt seg i bokhyllene i vinter skal nå til livs. Kanskje vi skal sleppe dei ut i det fri..?!

Velkomen innom vårt nesten støvfrie bibliotek, her er sol og glede!

Dagens bloggar: Aud Rosalita

2 kommentarer:

  1. Åååå..så fint dæ hadde vårre mæ ny, rosa PC...sukk. Sit her mæ håplaus, gåmmål og svart som heingje se upp kvart treia minutt og skåppå farefulla aggresjonsanfall ve kjøkenænken...!!!
    Har på bokfronten nå gått inn i vakuum etter å ha lest ferdig "Balansekunst"- Fantastisk!
    Lykke til som ferske "rosabloggarar"-
    Netty

    SvarSlett
  2. Takk for boktips, Netty! Slikt set vi pris på! Eg skal debutere på den vesle rosa i morgon...tjuvstartar vel i kveld;) Rita

    SvarSlett