To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. juni 2010

Episode

Veke 23: Fyrste post på programmet: Personalmøte i gruppa for støttande funksjonar måndag morgon kl. 08.00. Men fyrst levere 6 åringen på SFO. Puh, mi styrke er ikkje morgonar og ikkje møter. Men vi kom oss opp, og 6 åringen kledde seg velviljugt. Dette lova bra! Her må det skytast inn at det ikkje er daglegdags at 6 åringen kler på seg sjølv. Han er utstyrt med litt meir bagasje enn dei fleste av oss, nokre millionar kromosom ekstra for å vera unøyaktig, som alle skal einast om at Nå kler vi på oss. Sjølvfølgje er eit framandord, men denne dagen funka det - yes! Han prata om skulen og Eilev og var blid da han forlet badet på veg til sofa med barne-TV. Mor måtte berre skylle sjampoen ut av håret og ordne seg litt før møtet med omverda.

Lett hektisk registrerte ho at klokka var ti på åtte da ho entra stua, med litt flaks gjekk det akku... 6 åring var ikkje der! Ut på verandaen, inn på soveromma, ned i kjellaren, skoa var borte! Sandkassa, trampolina, rundt huset. Stod skoa i gangen likevel? Nei. Han kunne vera kvar som helst. Han kan forflytte seg usannsynleg raskt viss han er i det lunet. Han hadde prata om skulen. Kunne han ha lagt i veg? Inn i bilen, full fart, opp innkøyringa til nabo A, ned med ruta, ropte til nabo B, stemma knakk, hadde ikkje sett han, nei. Ned i sentrum, trafikk og elv utpeikt som hovudfiendar, køyrde til skulen, spansk-snu, ned til elva,  heim att. Fortsatt ingen 6 åring. Dårlegmor-samvitet på maks volum. Da Nabo C lurde på kva som var på ferd, kom tårene. Desse hersens, nedverdigande tårene. Dårlegmor stod der og hiksta ut einstavingsorda sine. Nabo C heiv seg i bilen, nye runder utan resultat. Nabo D stod i vegen og speida oppover da vi kom heim. Kunne det vera...Jaaaa, Nabo D ropte namnet hans! Kjempande med eit ras, snappande etter fatninga - her var tilskodarar! - fekk mor tak i det bortkomne barnet. Det finst eit utal måtar å seie mamma på. Denne gongen brukte han eg-vil-du-skal-vera-glad-mamma-måten. Han skjønte. Meir vart ikkje sagt, ikkje der, ikkje da. Redslekloa sat i bringa resten av dagen.

Elles kan tre vise melde om ei særs innhaldsrik veke på biblioteket også. Vi har hatt god hjelp av den flinke og flittige PRYO-eleven vår som har utført mange oppgåver som tre vise er glade dei slepp å øydsle av visdommen sin på. Vi har budd oss på Sør-Afrika og menn som jaktar på ball, vi har hatt JURK på besøk, eit veldig bra tilbod som fleire kvinner burde kjenne til og nytte seg av, vi har hatt besøk av gullgravarar, vi merkar at sommarsesongen i stavkyrkja er i gang på japanarane som tittar inn døra på utkikk etter ein suvernir og eit toalett, vi har vore på Sirkus Kreklingen, vi har drege i gang Sommar+Bok, ei lesekampanje for barn og ungdom som biblioteka i Norddalen arrangerer og som vi håpar rett mange blir med på. V-teiknet og den lette stemninga tilskriv vi fotograf Vigdis, bibliotekarar er som kjent ikkje barnlege, ikkje i det heile! God helg med, utan eller på ball!
Bloggar: Rita

6 kommentarer:

  1. Å guud . Tårein trilla sjå me nå. E bli så grippin tå skrivemåten din !!! Denna redselen ha e haft e au å detta æ illt !!! Hå ein knallfin såmmår!!

    SvarSlett
  2. Takk for gode ord, anonym! Ynskjer deg ein finfin sommar også!
    Rita

    SvarSlett
  3. Så godt med gode naboar, Rita! Eg skjønar at du vart redd!
    Elles må eg seie at det siste bildet var heilt fantastisk bra, det må rett og slett vera ein meisterfotograf som har teke det??!!!!
    Helsing jælma anonym.

    SvarSlett
  4. Jælma anonym: Ja, det er godt med gode grannar. Eg var redd og dynga meg ned i ei mengd mindre pene tankar om meg sjølv med det stod på. Ja, biletet er berre utruleg bra! Ein kan trygt seie at det er teke av ein fotograf litt utanom det vanlege. Denne fotografen får alltid fram det beste (eller var det det verste...) i motiva sine.
    Ukjent motiv

    SvarSlett
  5. Trøsteklemmer herfra, og nei, ikke dårligmor men vanlig redd mor.

    SvarSlett
  6. Trøsteklemmar smakar alltid godt, fru Storlien. Takk!

    SvarSlett