To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. juni 2010

Lom i sentrum av verda

Dei siste dagane har vi levd i ei boble av overraskingar og eventyrlege hendingar bak dei dei gilde, doble glasa i gammelprestgarden. For ei veke sidan rusla ein pratesjuk, verdsvant danske fram til skranken og serverte vesle, fastgrodde meg eit eventyr heilt utanom det vanlege. Under snipphuva skaut blanke stjerneskot opp i dei blå augene då han fortalde om utfartstrong, steinfunn, gullvasking og møte med eksotiske kulturar etter årevis på reise. Med på reisene hadde han sonen sin, ein kvikk, ung kar som hadde betre greie på norsk geologi enn eg sjølv har på teskeiene i den oversiktlege bestikkskuffa heime i baksida. Etter først å ta heile følgjet som ein liten, artig spøk, skjøna eg etter kvart at mannen visste kva han prata om, at alt var sjølvopplevd og at eg -ein ubetydeleg, ufaglært bibliotekar- hadde ein sprell levande evntyrar som selskap denne eftan. Og førkja med det flåsete smilet vart nok gjennomskoda, for framandkaren fann etter kvart fram ei svensk internettside der eg kunne lesa om skandinavias mest kjende gullvaskar. Ein mann som under stor arbeidsløyse i Danmark pakka pjanket
sitt og fòr til New Zealand for å vaske gull og leite etter mineral, noko han fann så interessant at han vart verande der i 7 år. Eg tenkte på alle dei vakre, fagrerike steinane eg sjølv har bore heim opp gjennom åra og spreidd rundt i hagen, på alle norgesglasa eg som jentunge stappa fulle av stein og helte vatn over for å få fram fargespelet i dei små skattane, og
tenkte at eg kanskje har valt feil hylle i livet...?


Nokre dagar og netter etter uroleg sømn med draumar om gullfunn og spanande turar med sekken full av steinskattar, står to kjekke, mørke franskmenn i døra og smiler breitt. "Very, very nice" smiskar den eine med syngjande, fransk aksent, og damene på vakt kastar på krøllene og tek innover seg skryten, småkeie etter all støvturking og rydding siste tida. Det syner seg at mennene er to bibliotekarar frå eit digert
bibliotek i Toulouse, og vi kan ikkje fri oss frå tanken på at vi kanskje bør leggje den lenge planlagte studieturen vår til Frankrike i staden for Asker... Kontakten var tvert på plass, vi fekk vårt bilete for bloggen, og folkebiblioteket i Lom utveksla denne solrike dagen nettadresse med litt større bibliotek i Frankrike.

For å utvide horisonten enno eit hakk, har eg denne veka lese "Jeg har sett mørkets indre" av Kabello Sello Duiker, ei bok som gjorde meg uendeleg trist og takknemleg på same tid. Den 13-årige foreldrelause gateguten frå Sør-Afrika livnærer seg ved å selje sex til menn som utnyttar den unge guten på det grovaste, og vi får eit grotesk innsyn i ei verd så totalt framand for den trygge, velståande kvardagen vi kjenner som litt kjedeleg her heime. Vakker natur, ondskapsfulle menneske og sjuke handlingar side om side i ei velskreven, men vond bok.

Bloggar i eventyrland: Merete

4 kommentarer:

  1. Biblioteket i Asker er vel verdt en studietur, og selv om det er smått med barske franskmenn her i bygda kan man kanskje klare å skrangle sammen noen andre kjekke mannebein:) God kaffe er det forresten også, vis-a-vis biblioteket. Og hjemmet til Garborg, det hadde vel vært noe?

    SvarSlett
  2. Det hadde heilt klart "vært noe", fru Storlien! Vi kan jo ta turen innom Asker på vegen til Toulouse...iallefall viss du skranglar!

    SvarSlett
  3. det jobber en jugoslav ( tror jeg ) på biblioteket, kan det passere so nesten-fransk? kanskje ikke verdt å nevne at han kan minne om Erlend Loe...

    SvarSlett
  4. Erlend Loe er ikkje å forakte, så vi kjem innom, ja!! Kaffe, Garborg, flott bibliotek, mannebein a-la Loe, samt gammal klassevenninne: kva meir kan ein be om?

    SvarSlett