Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. september 2009

Forget it Post-it!

For nokre år sidan kom regiondata seglande innover Norddalen og skulle revolusjonere og effektivisere inngrodde dølar med sans for det handfaste og jordnære. Det digitale fenomenet ville i stor grad redusere papirbruken i kommunene ved at ein større del av kommunikasjonen no skulle fluge lydlaust på raske, usynlege vengjer gjennom den friske fjellufta, og all informasjon og planleggjing ville liggje pent innpakka i sirlege, gule mapper og freistande hugselappar på ein ryddig skjerm. Kalenderar kunne delast, og etter ønskje kunne ein ha innsyn i kva andre tilsette til einkvar tid hadde på dagsordenen. Altså ein framifrå hendig reiskap ved møteplanleggjing og innkallingar, eit miljøvenleg alternativ til det tidlegare papirveldet, og ein trygg stad å "gøyme" planlagde arbeidsoppgåver. I tillegg kunne ein få alarmerande påminningar med sjølvvalde mellomrom dersom ein framleis var redd for svikt i hugsen. Aldri meir skulle vi bruke halve dagen på å leite fram att skjema og papir som ved eit hendig uhell hadde vorte resirkulert til nye, krevjande oppgåver. Slikt fell i smak hjå 3
effektive kvinnfolk i sin mest stressande heitebølgjealder, så vi pudra sveitteperlene på nasen og trippa over den vindfulle Bergomsbrua -klare for kurs hos den kommunale IT-sjarmøren.

Kurset var bra, det. Likeeins intensjonane. Og oppbyggjinga av Fenomenet. Samt kurshaldaren.

Vi er vel "litt" usikre på kva som skjedde på vegen, men av ein eller anna merkjeleg grunn ser pulten til den mollstemde biblioteksjefen ut nett som det går fram av biletet under...(Mollstemd: melodiøse, nitriste plystretonar sviv ut frå magasinet bak her no...)


Post-it lappane framfor den elles så ryddige skjermen vart nok ikkje historie her på huset, men lever sitt yrande liv blant alle dei sundtygde kulepennane, kalde kaffiskvettane, skinande taperullane og halvetne tyggjegummipakkene (tyggis er IKKJE eigna som avvenjingsmiddel av pennbiting!) Det må understrekast at reint bortsett frå hugselappane, er regiondata rett så flittig brukt her i den gamle prestegarden, og post-it lyt vi sjå mellom fingrane med så lenge dette hjelpemiddelet strukturerer sjefen slik at kvardagen går knirkefritt utan nemneverdig store bortgløymingar og påfølgjande personlege kriser.

Hausten er tid for dei store investeringane i bibliotekbransjen, og vi lyt opplyse om at samlinga vår denne veka m.a. er utvida med nokre nye, prisløna filmar med kjende skodesepelarar i veltolka hovudroller. Laurdagsope bibliotek sikrar deg gode opplevingar i helga dersom du tek turen innom oss i morgon!



Bloggar: durstemde Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar