To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. februar 2010

Lynvisitt...

Vi har lova både oss sjølve og andre å avgrense blogginnlegga våre til ei overkommeleg tekstmengd, men dette ligg frykteleg tungt for oss alle 3... Når vi set oss innåt tastaturet, er det mest så fingrane flyg av seg sjølv over tastane, og orda fløymer ut i verda. Eg var derimot så flink i går, at eg berre MÅ innom att i dag med litt nytt :-)

Bygda vår har på nytt vorte ramma av ein isande kulde som umogleggjer både husmortrim langs hardtrakka skogsvegar og bilturar med niste og kaffekanne for lange stopp i bleik nyttårssol. Vi kan såleis trøyste alle med at vi har fyllt opp hyllene med ei mengd flotte, nyinnkjøpte filmar til glede for både store og små lånarar. Her er noko for einkvar smak, alt frå gamle, norske klassikarar til nye Star Wars. Så dersom tida fell lang etter eftaskaffen, låner biblioteket med glede ut meiningsfull tidtrøyte. Over 40 (magisk tal dette året...?) nye filmar skulle by på litt å velje mellom, og ved å klikke på linken her kan du sjå kva vi har brukt kronene på http://www.lom.kommune.no/film.144635.nn.html

Hej då!

Bloggar: Merete Den Kjappe

3 kommentarer:

  1. Mange gode titlar der. Her er det -4 og strålande, varm sol - påskestemning :)

    SvarSlett
  2. Ååååh -det høyrdest fantastisk ut, Mari Beate! Trur graderstokken er i humør her i dag au, høyrde ymt om kun rundt -17 her for ei stund sidan:-) Men sol...? Tja, eg kan så vidt glytte etter henne sist i mars :-( Greitt med bøker og filmar nokre veker til!

    SvarSlett
  3. Hei jenter! Det gjør INGENTING at blogginnleggene er laaaaange når dere skriver så godt som dere gjør! Berre la fingrene fly over tastaturet, dere! Sikkert på vegne av flere!

    SvarSlett