Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 4. februar 2010

Forgjengelegdom

Dette skjedde for snart to veker sidan. Vi ser dei som bloggverdige hendingar:

Stikkord 1: Web 2.0 og 3.0
Måndag var ein gjeng bloggande bibliotekarar frå Norddalen samla på Otta for å gjera seg både 2.0 og 3.0 visare med kyndig rettleiing frå Olav Birketveit, Oppland fylkesbibliotek. Bibliotekarane sprang frå dropboxar til flickring og embedding. Dropbox er eit svært lurt tips å ta med seg. Gløym minnepinnar, lagre på nettet i dropboxar - trygt, kjapt og gratis opptil 2GB. Puh, ingenting er meir forgjengeleg enn datateknologisk visdom!

Stikkord 2: Særemne og tidsreiser
Onsdag hadde eg gleda av å tre inn i klasserommet til russen 2010. Dei skal snart i gang med særemne og biblioteket var invitert til å vera med å dra prosjektet i gang. Eg fekk bl.a. lov til å presentere heimesida, søk i samlinga vår og den fine sida som Stavanger bibliotek har laga om særemne. Etter endt oppdrag sette eg og magiske Merete oss i tidsmaksina, reiste 40 år fram i tid og hamna på Lom bu- og servicesenter der vi fann oss sjølve som 80 åringar. Stemninga der var heller laber, så vi skunda oss attende til det ungdommeleg miljøet som rår på Loarområdet. Fortsettelse følger før du anar!

Bloggar: Rita, forever yang

1 kommentar:

  1. HA, HA, HA!!! Neste gong skal du blogge med "påholden tast!"

    SvarSlett