Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 5. februar 2010

Skadeleg trekk og tapre armodskrokar

Den gamle prestegarden i Lom er ei flott og staseleg bygning. Når du kjem køyrande frå aust eller "synnate" som vi seier, ein tysdag- eller torsdagkveld no i vintermørket, ser du det innbydande ljoset frå dei 10 store austvende glasrutene. Dette er gamaldagse småruta glas installert på 30-talet. Glasrutene er fine og passar perfekt til bygninga, ingen tvil om det, men dei har sine sider. Det er ikkje akkurat H-vindauge vi snakkar her. Når streken på termometeret kryp under null og kalde vindar frå Vågå feiar inn over bygda, er dette til å ta og føle på også innafor rutene i prestegarden. Dei av oss som er dømt til eit liv i trekken på bakrommet får merke dette på kroppen. Blomen talar sitt tydelege språk.

Boktips for helga: Olav Duun: "I eventyret" i bok- eller lydbokutgåve. På omslaget ser de Elen Vennestad som i armoda ser seg nøydd til å setja bort guten sin, han Odin, som berre er sju år: "Og der går ho Elen Vennestad i veg med gutungen sin, sa folk...Ka du går og tenkji på du, Odin? seier mora. Ho kjente ein liten vaknande rykk i handa; det var så uvant at ho spurte han om noko. På det at æ berre e sju år, svara han da det hadde vore litt. Orda kom lyst og modig, men dei drog ein skugge over andlete hennar. Han måtte merke det for no aksla han seg og lo og ville stryke det ut att: No skulde han ut å vera hoss folk, no skulde dei få gjætar i Kjelvika óg." Turen som mora og Odin går denne dagen er av det gripande slaget, meisterleg skildra, Olav! Tapre, vesle Odin!

Med dette ynskjer bloggaren i trekken god helg til alle lesarar!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar