Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. februar 2010

And the decision is...

Decision 1 har den Internasjonale Olympiske Komitè ansvaret for, nå er altså både heile verda - og Lom folkebibliotek ikkje minst, klare for dei 21. olympiske vinterleikar. Canada og Vancouver har planlagt, bygt, pynta og ordna seg på dette store arrangementet i mange år. Vårt eige vesle trygge bibliotek har også planlagt, pynta og ordna seg til festen, om enn ikkje over så lang tid. Vi bestemde nemleg på personalmøtet i går at vi skulle lage ei OL-utstilling. Så er nå gjort - med OL-historie, gamle og yngre heltar, norske fargar, men au eit håp om mange verdige vinnarar frå både Norge og andre land (kanskje ikkje frå Sverige da men...).

Decision 2 står sjefen for, ho likar på linje med IOC å bestemme ting. Så i dag tidleg byrja det knitre og knatre energisk i tastaturet hennar - og det gjekk ikkje lenge før ho kom svinsande med fyrste utkast av ein splitter ny vekeplan! Ein eigen vekeplan for kvar enkelt av oss! Vi er liksom 3 ulike vise, med ulike talent og gode sider (merk: ingen dårlege sider), derfor fekk vi kvar vår... Underteikna må likevel ærleg innrømme at sjefen ikkje var einsleg om vekeplan-avgjerda. I tidlegare nemde personalmøte, eller komitèmøte om du vil, drøfta vi korleis vi skulle organisere alle våre faste og svært viktige oppgåver, og ikkje minst korleis dei ulike oppgåvene skal fordelast. Skrankevakt likar alle, medan skifte av utstillingar, registrering av nye bøker, og vatning av blomar ikkje alltid er like gjevt. Men med vekeplanane viser sjefen kor god ho er på rettferdigheit, og evne til å spele på dei vise underordna sine gode eigenskapar.

Vil du ikkje kose deg med OL-heltane i tida framover, kan du snu deg rundt og finne deg ei god bok som passar deg som er, eller vil kome, i valentine-stemning. Den mellomvise kvinna her har laga ei hjerteleg og romantisk utstilling om bøker som kan få den mest hardbarka norddøl til å mjukne, og kanskje muligens bli viljug til å gje sin neste ein varm februar-klem.

Og som ikkje alt dette er nok, så har altså vår vise og kloke sjef rydda, sortert og kassert i musikk-utvalget vårt i dag! Dagen har stått i effektivitetens teikn frå tidleg morgon, ikkje veit eg om det er tanken på OL, gode planar for arbeidsdagane eller helgas valentine-feiring som pregar folket her, men vi er iallefall godt i rute til det meste!

I Håvamål står det så bra:
Kor klok ein er, han kan verta dåra, når kjærleik kjem og maktstel.

Ha ei fortsatt fin veke, og lykke til med alle små og store arrangement i tida framover!
Bloggeklem frå Aud

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar