Med ujamne mellomrom kjem lånarane våre til å presentere nokre av favorittbøkene sine her på bloggen i følgjetongen "Det her e boka mi". Først ut er Ågot som har valt seg ut "Ufred og oppbrudd", 1. bok i serien "En drøm om jord" av Andreas Eldnes. Boka kom ut i 1988, same år som Målselv og Bardu feira 200-årsjubileum for innflyttinga av rydningsfolk sørfrå. Nybyggjarane kom frå dei store dalane på Austlandet og i denne serien som består av 3 bøker, følgjer vi Trøenfamilien som har lidd under krig og naud i Østerdalen. Vi får oppleva ein saga om slit og forsaking, mot, nærleik og menneskeleg varme. Ågot likte denne serien godt fordi ho fekk ta del i ein slektshistorie som går frå tidleg 1800-tal og heilt fram til nyare tid og fordi temaet er interessant. Mange gudbrandsdølar flytta også nordover til Målselv/Bardu-traktene på denne tida og ein finn framleis spor av dølamål i dialekta. Elles må det berre nemnast at stemninga stod i taket i skrankeområdet da dei 3 stimla saman for å opne posten i dag. Ut av pakka dumpa nemleg DVD-boksen med Familien Macahan i Ville Vesten. Minner frå tidleg 80-tal strøyma på, frå den gong da NRK var einerådande TV-kanal og plakatar av Luke Machahan, Helten over alle heltar, prega alle ungpikerom og fekk fjortishjarto til å banke litt fortare. I denne saka var faktisk dei 3 samstemte og ein filmaften er i emning. Vi reknar med at det er fleire som er nostagisk anlagte og interesserte i å låne denne...
Nostalgisk bloggar: Rita
Er redd (les: "håpar") at den filmseansen går langt inn i seine nattetimar... -sjølve filmen held nemleg på i godt og vel 6 1/2 time! I tillegg kjem all analyseringa i etterkant, og då blir vel 3 sentimentale svoltne, au..?
SvarSlettMerete
God idé å involvere lånerne på denne måten!
SvarSlettFamilien Macahan får det til å gå eldingar nedover ryggen. Er den ledig?
SvarSlettOg i same andedrag, har de filmen om Røtter ?
Luke og co er nok ute på bygda her, ja, og det er fleire som ventar besøk av dei i stova med det første... Kanskje du vil stille deg i kø?
SvarSlettMerete
Vel, må tilstå at begrepet "Boka mi" gir meg assosiasjoner til et visst TV-program med en viss hr Eia som aktør...
SvarSlettHilsen Gunvor B. R.
Det var tilsikta, Gunvor;)
SvarSlett