Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. oktober 2009

Kommunal fornying og eksotiske inspirasjonar

13. oktober:

Dei siste vekene har den visaste vise vore ekstremt oppteken ved skjermen sin bak meterhøge bokstablar og ein vrimmel av gule lappar -når ho då ikkje har vore i hektisk møteverksemd og harde forhandlingar på kommunehuset. Inne på kontoret har mørke krøller vippa hektisk over ivrige nakkesener når sjefen etter beste evne har gestikulert overtydande med telefonrøyret i eine handa, i god tru om at slike gester naturleg glir gjennom lufta på lik linje med munnleg ordflaum. For ein som er etterkomar etter forfengelege norddølar som fann det naudsynt å kjemme håret før ein skulle i talerøyret, er det slett ikkje usannsynleg at det moderne kroppsspråket har hatt sin verknad denne gongen. Resultatet vart nemleg offentleggjort på ei høgtideleg lansering av den nye, kommunale heimesida i dag:
http://www.lom.kommune.no/biblioteket.144626.no.html
Sjefen -og dei andre i arbeidsgruppa- har all grunn til å vere stolte av den nye heimesida, og vi på biblioteket meiner no å ha fått ei velfungerande side der viktig informasjon ligg godt synleg i ein brukarvennleg meny som attpåtil tek seg godt ut. Well done! Det lyt nemnast at ikkje alt er heilt ferdig riktig enno, farger skal fiksast litt på, ymse småboksar skal flyttast o.l, men det meste er i skjønnaste orden. Unnateke ei viss dame sitt kontor...


Vi to andre har i dag hatt det frykteleg artig med nye utstillingar på dei små ledige plassane rundt omkring mellom bøkene våre. Rita er fabelaktig i utpønsking av emne til slike tiltak, men sidan får vi undertausene nesten frie taumar til utforming og dandering med ymse artiklar og tesktilar som hjelpemiddel. Når vi attpåtil får gå amok i kjellar og loft i heimen på leit etter eigna materiell, er vi hjartans einige i at vi har ein suveren sjef! Denne gongen har vi latt oss inspirere av eksotiske austen, med reisehåndbøker, romanar, filmar og musikk frå eit land veldig ulikt vårt levesett i Gudbrandsdalen. India har i seinare tid stått sentralt i ein del filmar og romanar, noko vi nyttar høvet til å hylle i haustmyrkret. Jubelen stod i taket då den eine i dag tidleg kom drassande med ei ekte, vakker vasspipe som krona på verket! Så spørs det berre om dei tilsette stiller i sarien uti veka, godt innpakka i norsk ullvang-ull under vakker tekstil...


På skranken har vi som motvekt diska opp med rotnorske bake- og kokeoppskrifter, og trur du ikkje vasspipe-dama hadde vunnest ein tur i bakstkjellaren før ho knalla på arbeid i dag tidleg. Såleis kunne vi komplettere utstillinga med både fløyg, rumbrødsmal og kjevle over disken. Det gjeld altså å vere snill jente her i dagane som kjem, så ein ikkje får seg ein smell med bakstkjevlet...


I tillegg til dette har vi vunnest å vore på friarferd hos det lokale pensjonistlaget idag, hatt ei skuleklasse på besøk, og gjennomført møte med den vidaregåande skulen. Og i sluttspurten av kvelden viser folketelljinga jamt 140 besøkjande på Lom folkebibliotek i dag! Ikkje rart at tralla med kveldens innleverte bøker snart velt, kanskje...



Bloggar: litt mindre eksotiske Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar