Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. juli 2010

Du er unik. Som om det var noko spesielt.

Har du nokon gong søkt på ein jobb du ikkje fekk? Forelska deg i ei som var for pen for deg? Set du deg stadig vekk mål du ikkje når? Da trur du for godt om deg sjølv. Du har for høg sjølvtillit! Slik lyder baksideteksta på boka "Sitt ned og hold kjeft - håndbok for deg som vil bli kvitt selvtilliten" av Knut Nærum som vart innlevert i kassa vår ein av dagane. Ikkje det at eg umiddelbart føler at eg vart tildelt for mykje av det slaget frå naturen si side, eg har vel ikkje akkurat strutta av dette oppigjennom, men det kan koma snikande med åra. Så eg valde å opne boka. Knut meiner at for høg sjølvtillit er eit av dei største problema i vår tid. Menneske med for mykje startar krigar, snyt på skatten og står i vegen når du skal ta bussen. Boka er full av gode råd for dei som lir eller burde li av eit for godt sjølvbilde. Han prøver å jekke ned dei som trur dei er noko på grunn av familie, rikdom, utsjånad, kjendisstatus, på grunn av kva dei kan, trur og meiner. Boka forsvarar Jantelova og han oppfordrar: "Ikke vær deg selv. Prøv heller å være en som er hyggelig!". Essensen vert trekt ut på siste side: "Sitt ned og hold kjeft". Ei humoristisk lita bok for eit ferierande sommar-Norge der over 90% av alle bilførarar meiner dei køyrer betre enn gjennomsnittet!

Bloggaren har denne veka freista tilveret framme i manesjen i einsam majestet. Det har vore ei særs positiv oppleving (ja, ikkje misforstå vise, eg saknar dykk) som har minna meg på kva eg går glipp av når eg sit einsleg, neddynga i tunge administrative gjeremål på bakrommet. Det er mykje trivelegare her framme som det har syda av lærarar og sjukepleiarar som vil lesa seg opp på krim til skuleår og eldrepleie set i gang att, av ungdommar frå "anstan" som har sommarjobb i bygda, av koselege, heimvende studentar som har trakka sine barne- og ungdomssko her, av trufaste lånarar i mogen alder som snart har tråkla seg gjennom fem bind Knausgård, av franske aksentar som vil på thee internet og merciar beaucoup for det og av trippande småjenter i sylvsko som ivrar etter å fylle Sommar+Bok-lesekorta sine. Kan ein ha ein betre jobb? Eg tvilar! På tampen vil eg rå dykk til å sjå den vakre, norske filmen Appelsinpiken. Hugs lommeduk. God helg! http://www.filmweb.no/trailere/article180222.ece
 
Rita sit nede og held kjeft, men bloggar!

4 kommentarer:

  1. haha, har akkurat søkt jobb og ikke fått. Innser at selvtilliten er skammelig høy, så nå får jeg lese Knut Nærum og jekke meg kraftig nedover....

    SvarSlett
  2. Haha, det kan nok vera på sin plass da!
    (Sjølv om eg trur arbeidsgjevaren tok grundig feil, viss det ikkje var som pilot eller bilmekanikar du søkte jobb...)

    SvarSlett
  3. Håh, det er vel bare et godt bevis på den gode læresetning fra barndommen - du ska kje tru du æ någgå!

    SvarSlett
  4. Vi kan den leksa, fru Storlien, vi er da ikkje oppflaska med den gode bygdedyrtrua for ingenting! Gløym barnetrua og tru du er noko utsøkt framifrå noko i helga - because you're worth it!
    R

    SvarSlett