Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. juli 2010

Under kaffekoppen

Midt i denne Helene harefrøken glade og lette sommartid dristar vi oss til med eit djubdeintervju her på bloggen. I går gjekk den ennoikkjeferierande viskvinna Under kaffekoppen med Fjukenjournalist Kroken. Med ei klar målsetjing om å avdekkje dei djupare laga i intervjuobjektet, dei som ikkje kjem fram i vêrpratinga over kaffekoppane på kaféane, gjekk eg til Diktarvegen med rak rygg og friskt mot. Eg starta varsamt med: Kva bok er den beste du har lese?

Akkurat nå må eg vel innrømme at eg er mest hekta på Knausgård. Som den tilkjempa fordomsfrie personen eg er, ga eg han ei sjanse og angrar ikkje på det. Ingen må dømme Knausgård før dei har lese han! Han har ein stil som fengar meg og av dei fire bøkene eg har lese hittil, likte eg best Min kamp fjerde bok. Denne boka handlar om tida hans etter gymnaset som ung lærarvikar i Nord-Norge. Han frydar seg over sitt nye liv på eige hand, sin fyrste ordentlege jobb og sin fyrste eigne heim. Han syner oss den unge Karl Ove på ein ærleg måte, kor umoden han er og korleis han møter vaksenlivet med dei freistingar og forpliktingar det fører med seg. Eg likar veldig godt biografiar generelt, og biografien om Per Sivle "Eit halvt liv" av Alfred Fidjestøl er ein av dei finaste og tristaste eg har lese. Livssoga til Per Sivle startar med at mora prøver å ta sitt eige liv med Per i magen, og endar med at han sjølv vel å avslutte det heile med ein revolver på Kristiania Bad. Det er historia om avisredaktøren som skreiv Berre ein hund og Den fyrste song, og det er historia om motgang og trass, galgenhumor, håp og svik.

Ettersom vi kom lenger ned i kaffekoppen og fekk rørt skikkeleg rundt i gruten, vart intervjuobjektet stadig meir openhjarta, men på grunn av spalteplassen og tidskontoen til lesarane, får de dessverre berre eit lite utdrag frå resten av intervjuet her:
Kva brenn du for? Eg brenn for eit propplaust samfunn. Eg freistar å fjerne dei med plumbo.
Vil du seie at du har eit rikt liv? Eg har jo ein del aksjar...og eg har teke eit valutakurs på Oslo børs.
Har du eit livsmotto? Milo (hunden hennar, kvit boxar) har det best utan ull!
Kva drøymer du om? Uff, det gløymer eg alltid. Var det fred tru?
Takk for ein tullete og triveleg kveld, Vigdis!
Bloggar i opprørt grut: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar