To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. juli 2010

Dei vedunderlege 60 åra

Året er 1961. Jurij Gagarin blir som fyrste menneske sendt ut i verdsrommet. Ein 45 km lang mur av betong og piggtråd vert sett opp i Berlin. John F. Kennedy vert president i dei foreinte statane. Einar Gerhardsen er i ferd med å setja ihop byggjeklossene som skal danne velferdsstaten Norge. Fjernsynsapparata er på veg inn i liva våre. Vi er i drabantbyen Årvoll i Oslo. Vi møter Finn og mora og ei lita halvsyster som kjem aleine med Grorudbussen ein dag, berande på ein liten blå koffert som einaste synlege baggasje. Ho heiter Linda: "Linda hadde ikke mål og mæle. Hun luktet rart, hadde ugredd, viltert hår og en lugg som hang ned i ansiktet. Men hun stakk da hånden inn i mutterns og klemte til rundt to av fingrene hennes som hvitnet...dette grepet som jeg instinktivt skjønte var et grep for livet...et av grepene som låser seg om hjertet ditt og holder det i ei skrustikke helt til du dauer og også er der mens du ligger i grava og råtner." 

Boka skildrar barndommen og syner kor vakker og vanskeleg han kan vera. Ho handlar om den utrulege livskjensla Finn og dei andre barna i Traverveien hadde på sekstitalet. Den elektriske kjensla av å være barn, å vera i livet, på same tid som livet i neste augneblink kunne vera  uføreseieleg og farleg. Forfattaren Roy Jacobsen har ytra ynskje om å få fram dei mentale vekstsmertene som han kallar det, å få fram det vakre i det kaotiske barnesinnet. Det har han klart. Han er framfor alt ein god historieforteljar og miljøskildringane frå drabantbyen, leilegheita og campinglivet på Håøya hevar forteljinga til eit nostalgisk gourmetmåltid sjølv for ei som er fødd tiåret seinare. Underteikna har dessutan i ei svært høgtideleg og diktatorisk kåring, utpeikt framsida på denne boka til den aller finaste av alle bøkene vi har i biblioteket.

I Liverpool på denne tida entra eit nytt band scena på The Cavern Club. Eller bandet var ikkje heilt nytt. Dei hadde spelt der før som The Quarrymen. I 1961 vart dei oppdaga her av Brian Epstein under namnet The Beatles. Resten av eventyret kjenner de sjølve.


Nostalgisk helgehelsing frå Rita!
Nostalgi: "Et gammelt sår det er godt å klø på" (Roy Jacobsen)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar