Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. juli 2010

The ultimate collection

Siste dag før ferien! Bibliotekaren som har halde stand desse vekene, har reservert bøker til seg sjølv, kjøpt inn nokre nye og saumfare hyllene etter den ultimate samansetjinga av eiga ferielektyre. Nokre frynsegoder må ein kunne unne seg som einsam majestet! Den ultimate bibliotekposen til ferien skal innehalde litt av alt. Ein klassiskar ein enno ikkje kan skryte på seg, ein sidevendar av ein krim, ein biografi som hevar kunnskapsnivå og empati eit hakk, reiseguiden til det forjette turmål, diktboka som seier det enkelt og vakkert, ein dasj romantikk av det lettare slaget, eller helst den store kjærleiksromanen du aldri gløymer, ei digibok til alle trimturane ein skal gjennomføre, ei vanleg lydbok til lange bilturar, to filmar, ein til latter, ein til gråt, ein CD med ein enno ukjent artist som skal gje deg nye musikalske opplevingar, tidsskrift til nytte og hygge og ei eller to av desse barnebøkene du aldri får lese elles i året.


Når eg går inn og ser på underteikna sine lån, er ikkje dette så langt unna sanninga. I går stod det 13 utlånte titlar, eit tal eg ikkje tok sjansa på til ferien, så i skrivande stund står det 14. Dagen er enda ung. Som de skjønar lever eg i trua på at også denne ferien skal bli uendeleg med lange, late kveldar for lesing, spreke kveldar for digitrim og lange netter for film. Eg veit at når ferien er omme, er sjansene store for at eg står her slukøyra med posen i hand utan å ha fortært ein liten brøkdel av fangsta. Den som leser får se!



PS: Bloggaren oppfordar forresten alle andre lånarar til å tenkje i like optimistiske sommarbaner. Det kan bli gode utlånstal av det om ikkje anna! Med ynskje om ein urealistisk god sommar!
Bloggar over evne: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar