Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. juli 2010

Damer for sin hatt


Fjelldronning. Bergbrur. Bergfrue. Bergdronning. Bergrose.Vianvang. Saxifraga cotyledon.
Kjært barn har mange namn - slik som denne vakre planta. Tenk og ha så mange majestetiske, sterke namn!
Eg er bergteken, også i øsepøsande regnvær, fiklar fram telefonen for dokumentasjon og eit portrett av den flottaste dama eg veit - set vidare nasen mot den lokale boksamlinga som har "alt", tek vidare kuten bort til hyllenummer 580 for Planter, finn fram floraen og les meir om denne skjønnheita. Dama er kresen og nøysom (som damer flest...), men er i motsetning til oss andre damer kåra til Norges nasjonalblome. Dette skjedde under ein internasjonal botanisk kongress i Amsterdam i 1935. Kvar plante har frå 50 til 200 blomar på kvar stilk, men kan i enkelte tilfelle ha opptil 1500 blomar! Så voldsomt er det ikkje mange andre damer som blømer... Ho høyrer til Sildrefamilien, og bur i fjellsprekkar, på bergegrunn og i elvegjel. Fantastisk og sjå på der dei står og prydar steinar midt i elva.

Underteikna let seg ikkje berre fascinere av dama, men òg av floraen.Vi har fleire fine floraer i hylla for Planter, både for vaksne og ungar - som syner oss kor utruleg mykje fine underverk vi har rundt oss. Plantane klorar seg fast, veks og blømer på dei minst tenkjelege stader. Kanskje det er moro og sjå kor mange slag ein finn - og ha konkurranse om kven som kan namnet på flest av dei etterpå? Den etterlengta sola tittar berre så altfor sjeldan innom, men blomane står der likevel - la dei små detaljane i planter og landskap få fokus medan vi ventar på varmen frå sola.

Eller vi kan nyte smaken av ferske, norske, raude, søte jordbærdamer. Ete dei som dei er, med fløyte eller med sjokoladetrekk - pent dandert på ei kake, bakt inn i muffinsar, mosa saman med andre godsaker i drinkar, i salatar.. Variantane er mange, og lista utømmeleg - men Sonja Lee har i boka Jordbær samla mange gode oppskrifter som gjev ein smak av sommar.



Roser er røde,
fioler er blå,
jordbær er søte,
og du lige så...










Og medan eg råder grunnen på Lom folkebibliotek, i einsam majestet - er litt dronning her eg nå, ynskjer eg den visaste vise god ferie, og den mellomvise velkomen attende frå ferie etter helga. Også dei damer for sin hatt, om enn med litt store hattar og halde styr på for enkelte... Men likevel; like flotte som Fjelldronninga!

Bloggar: Dronnning Aud, utan hatt eller krone

1 kommentar:

  1. Artig å sitja, ok liggje da, på verandaen heime i sola og lesa så fint blogginnlegg, Aud! Må berre i denne samanhengen få tipse om diktet Bergbruri av Aslaug Vaa: "Kvar er lykka? Stundom i eit vatn der himmelen speglar seg..." Gå til eit bibliotek nær deg og les det vakre diktet!
    R

    SvarSlett