To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. juli 2010

The ultimate history of life -and lives

PC, snakkesalige turistar og sommarbrune lånarar er kvardagen att etter at mitt private sommar-eventyr er historie, sirleg dokumetert i "hytteboka" som kviler i den lurvete -men akk, så gromme- campingvogna i fjellet. For denne dama er ikkje koffertferie i det store utland det heilt store, inkje heller luksuriøs cruising i gilde båtar eller fine vinkveldar i gilde hytter ved private sandstrender. Nei, min realiserte sommardraum er (var, og skal framleis bli) seige fjellturar med minstemann og ei nyfiken, lat bikkje, der base-camp er den utgamle Adria(nna) med flunkande nytt fortelt -kun fordi det gamle segla av stad til ævlege jaktmarker i den fysste, strie vindflogoa i fjor soammar. Fjellfisk grilla på bålet utpå eftan, tylege, laange kveldar og netter med fjellgrannar som også har skjønt vitsen med livet, samt morgonkaffe i gryotta sitjande i lyngen med sansane retta mot Tilveret. Kjapp, iskald vask i bekken nedanfor fjellkjørra før kyrne har drukke morgonsupen, rein "onnbrok" og turre labbar, så er vi atter klare for ein ny dag -om att og om att. Og så bøkene, da -desse vidunderlege, løyndomsfulle arka som byr på spenning, latter og tårer, flankert av eventyrlege figurar og fargerike skildringar. Addèr alle desse momenta, og summen utgjer for meg heile Meininga med ferie.

Aldri har den tilfeldig utvalde ferielektyra overraska, irritert og fryda meg meir enn denne sommaren. 4 ungdomsbøker har alle på sitt vis gjort djupt inntrykk, likedan ei bok tiltenkt meir tilårskomne lesarar, medan ei anna bok for vaksne var eit seigt, uinteressant kapittel i ferien. I dag får ungdomsbøkene all merksemd, av den enkle grunn at dei fortener å bli lagt merke til også av godt vaksne

Den største overraskinga var dei 2 første bøkene i serien "House of night" av P.C. Cast. Vampyrlesnad vil eg ikkje, skal eg ikkje, bør eg ikkje vedkjenne meg å like! ...men som pliktoppfyllande barne- og  ungdomsbibliotekar skal slik naturlegvis fordøyast på lik linje med "Gossip Girl", "Ung kriger" og "Eva og Adam". Starten på den første boka, "Merket", var etter mitt "vaksne" sinn latterleg, men vakte etter kvart ei irriterande nyfikne, som sidan gjekk over i hemningslaus fascinasjon over desse vesna og deira levesett utanom den menneskelege verda -delvis inspirert av indiansk urvisdom, som eg alltid har kjent meg tiltrekt av. Så oppslukt at eg frå Paradis oppsøkte mobildekning og ringde sjefen på jobb for å sikre meg nr 2 før eg riktig fekk avslutta den første... No ventar eg utolmodig på framhaldet... Prøv sjølv!!

Ungdomsboka "Perfekt kjemi" av Simone Elkeles grov seg også djupt inn i sjela mi, fann seg ein plass langt inne i hjarta mitt for å bli verande der som ei påminning om at vi aldri skal skoda hunden på håra. Bad Boy og gjengmedlem Alex Fuentes inngår eit veddemål om at han skal klare å forføre den perfekte isdronning-cheerleaderen Brittany. Alex oppdagar derimot snart at Brittany er eit ekte menneske med problem som ikkje toler dagsljos, medan han sjølv lir under ansvar og plikter innhenta av fortida til faren. Ein rørande sterk kjærleiksroman for ungdom, unge vaksne og kjerringer som trudde dei for lengst var ferdige med lidenskapleg romantikk...

Ungdomsbok nr 4, "Vinterjenter" av Laurie Halse Anderson, er eit sjeldant sterkt dokument som eigentleg fortener minst eitt blogginnlegg åleine. Det utruleg vakre, lyriske språket, den sjeldne, verknadsfulle måten å skrive på, samt stor innsikt i emnet, gjer boka til ei leseoppleving av det heilt store slaget -fortener ikkje å bli samaliknast med nokor anna bok eg har lese. Anorektiske Lia lir under dårleg samvit etter at bestevenninna, Cassie, døydde åleine på eit motellrom, ei natt der 33 ubesvarte anrop frå Cassie i ettertid ligg som eit verkande sår på mobilen til Lia. Etter år med svelting, månader med forfølgjing av den døde Cassie, og opprør mot omverda, klarar Lia det umoglege : "Jeg spinner silketrådene i veven min, vever stoffet i min verden. Den knøttlille alvedanserinnen ble en tredukke med tråder som ble trukket i av folk som ikke fulgte med. Jeg snurret ut av kontroll. Det var vanskelig å spise. Det var vanskelig å puste. Det var vanskeligst å leve." Les boka, sakte, nyt kvar vending, ta bodskapen innover deg, og du ser verda med nye augo.

Bloggar back in town: Merete

2 kommentarer:

  1. Laurie Halse Anderson er en fantastisk forfatter, desverre er ikke de andre bøkene hennes oversatt til norsk. Anbefaler spesielt "Speak"; sårt og vakkert skrevet.

    SvarSlett
  2. Dersom "Speak" svarar til forventingane etter å ha lese "Vinterjenter", MÅ eg berre lese den! Vil verkeleg håpe denne forfattaren blir betre kjent i Norge. Tusen takk for tipset, Ann Kristin!

    SvarSlett