Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. juli 2010

Unknown knowledge...

Sommaren er alt vi ikkje visste vi kunne noko om. Sommaren er då vi drøymande legg ut om fantastiske fjelltoppar vi aldri har opplevd, bookar reiser til stader vi aldri visste eksisterte, skryter hemningslaust av dei få Schakendabrøda vi enno ikkje har smakt, informerer overtydande om symbolikken vi meiner å ha lese oss til om kyrkjelege ornament , lagar ventelister på bøker som ikkje er utgjevne, samt sjølvsikre spår vèr på lik linje med forvirra meteorologar under vekslande skylag. Alltid til imponerte turistar som kvitterer med "Danke schön, Thank you for your kindness," eller "Merci beaucoup, Madame" (ja, eg har vorte kalla Madame i sommar, og ja, det var med stor M -trur eg...). Ingen har likevel dei same smakslaukane, vèret er det visst ingen som lenger kan spå med sikkerheit, og ingen kan heller hevde at det er trist utsikt frå Jotunheimen sine majestisk kneiasande toppar. I tillegg guidar verdsveven oss elegant i eksotiske utanlandsreiser, og dragehovuda på den vakre Lomskyrkja kan i grunnen ikkje mistolkast -altså har vi vårt på det reine, og turistane kan suse vidare med ny giv og magisk påfyll frå landsbyen mellom fjella. Og einsleg på vakt kan eg så med godt samvit skli framom skranken og tumme i den eine grumme babyen etter den andre der barnevogner står parkert lagleg for hogg for ei aldrande mor...

Eit par gode leseopplevingar må nemnast også denne dagen, då vèrdraget ligg som eit lummert slumreteppe over Nasjonalparklandsbyen. Den boka eg har skratta best av denne sommaren, og som kan anbefalast  alle som ønskjer ei lett bok proppa med humor og komiske skildringar, er definitivt "Potensgiverne" av Karin Brunk Holmqvist. To eldre systre bur saman i barndomsheimen, og båe lever etter den nøysomme livsmåten foreldra lærte dei som unge jenter. Ymse omstende gjer sitt til at damene etter kvart ønskjer seg nytt bad for å sleppe fleire smertefulle hemmoroideproblem etter kalde besøk på den trekkfulle utedoen. For å få råd til dette, tek dei til å selje potensmiddel på postordre til godtruande kundar som treng ein "oppstivar". Dette skal vise seg å få uante konsekvensar for dei to dydige søstrene, som etter kvart sjølve også blir litt lausare i snippen.

Ei meir sår og tankevekkjande bok er "Før klokka fire" av Solfrid Sivertsen, ei bok som også vann MARGbok si romakonkurranse der over 70 bidrag kom inn. Her kjem vi nært inn på livet ei bestemor som strevar for å få omsorgen for barnebarnet sitt, men som blir skjebnesvangert innhenta av fortida si etter eit ekteskap med kynisk ektemann som har øydelagt framtida for henne og den no rusavhengige dottera. Vondt og brutalt, sårt og vakkert på same tid -ei stutt, men viktig bok, absolutt verd å ofre ein kveld på!

Bloggar som veit å slå opp i bøkene: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar