To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. august 2010

SOMMAR+BOK lenge enda...



Sommarferien går fort for dei aller fleste av oss, så også for underteikna som på ny er stasjonert mutters aleine bak skranka på Lom folkebibliotek. Eg kan ikkje så langt i sommar dokumentere utflukter til store høgder, eller reiser til langtvekkistan, ei heller store haugar med lest sommarlektyre, men eg kan med handa på hjarte seie at eg likevel har hatt gode stunder - gode minner og fine opplevingar!
Sjølv om mine vise kollegaer framleis spring rundt i by og fjell føler eg meg absolutt ikkje aleine her på bruket, det er så utruleg mykje trivelege folk innom! Eg lærer noko nytt heile tida, om menneske, unge menneske sitt pågangsmot, bøker, forfattarskap, lokalhistorie, og om datamaskinar...


Og ingen dag er lik, men nesten kvar dag er det innom lokale, unge og ivriga lånarar, som les hauger med bøker, og fyller ut skjema i lesekonkurransen som alle biblioteka i Norddalen har om sommaren. Det er frykteleg moro og få ta del i lese-iveren deira. Dei har ikkje før gått ut gjennom døra med nye bøker før eg høyrer dei ute på trappa, med nasene nedi bøkene diskuterer dei høglytt bøkene sine. Eg var så heldig at eg fekk lov til og ta bilde av nokre gode representantar her om dagen, så sjølv om to av dei fire er litt unge for årets konkurranse, har dei lagt eit godt grunnlag for SOMMAR+BOK neste år! Heldigvis er ikkje denne sommaren over heller, fristen for årets konkurranse er 1.september, så ein kan få lese mykje enda.

Så var det dagens data-utfordring da, dette kunne sikkert den lærenemme, ivrige, yngre generasjon løyst på to tastetrykk - men eg var som sagt aleine her. Når skjermbildet er heilt opp-ned, og musa virkar speilvendt av det den ellers gjer, fekk eg testa konsentrasjons- og koordineringsevnane mine. Det vart trast mykje enklare når eg omsider fekk satt skjermen på hovudet, slik at eg i det minste kunne lese rett veg - da vart plutseleg musa meir samarbeidsviljug au! Og vips - så virka tipset frå IT-gutta om å halde nede tre utvalde tastar likt... Sim-sala-bim så var alt på rett kjøl att, og eg kunne stolt og lykkeleg marsjere ut frå studierommet; eg vant! Utan at eg anar korleis.. Men publikums-pc'ane er flittig brukt, så dei bør kunne brukast utan at ein må stå på hovudet attåt.

Dagens motto, og yngre generasjonars fortrinn, sagt med
Pippi Langstrømpe sine ord:

Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert at jeg kan klare...

Bloggar: Aud Pippilotta


2 kommentarer:

  1. Og det klarte du!! Flott Aud -både innstilling og prestasjon :-)

    SvarSlett
  2. Vi skulle hatt ein Likar-knapp her!
    Ferierande

    SvarSlett