Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 6. august 2010

Ingen kjenner dagen før sola går ned...

Fredag er for oss femte dagen i veka.
I boka Fredagsstrikkeklubben av Kate Jacobs, er fredag ein spesiell dag. Kvinnene møtes tilfeldig i Georgias butikk på jakt etter nye oppskriftar og garn. Dei utvekslar gode råd, tek en kopp kaffe saman. Dei blir einige om å møtast kvar fredagskveld med pinnar og garn. Medan strikkepinnane klirrar og plagga veks, går samtalane vidare frå mønster og garn til livet ellers - om kjærleik, vennskap, mann, barn og alt mogleg anna.

Fredagen er ein viktig dag i mange kulturar, som heilagaste dag for muslimar, innleiing til sabbaten for jødar og for mange av oss den siste kvardagen før helga, gullrekkjekvelden om du vil. Fredag er mest truleg oppkalla etter den norrøne gudinna Frigg, ei gudinne for fruktbare krefter som ekteskap, barnefødslar, heim og familie. I eldre folketradisjon var fredag ein ulykkesdag. Ein skulle ikkje setje i gang med noko større arbeid denne dagen, det ville ikkje lykkast - ein burde heller ikkje bli fødd, reisa, flytta gifte seg på ein fredag. Trua stammar truleg frå den kristne knytninga til langfredagen. Om fredagen fell på den 13. er det spesielt skjebnesvangert. Så pass opp, neste veke har vi faktisk fredag 13. på kalenderen.

6. august er den 218. dagen i året, det er 147 dagar att til neste år. Bolivia og Jamaica har frigjeringsdagar. I 1945 slapp USA ei atombombe over Hiroshima på denne datoen, nærare 200 000 døde.
Mange er fødd denne datoen, Kjartan Slettemark (kunstnar) og Erik Solèr (fotballspelar) er to av dei. Mange har også gått burt denne datoen.
Aksel Sandemose er ein av dei, rekna som norsk forfattar sjølv om han både var fødd og døde i Danmark, døde 6. august i 1965. Hans mest kjende roman er En flyktning krysser sitt spor, opphavet til Janteloven. 
Romanen er eit ruvande verk i norsk litteraturhistorie, og eit dybdepsykologisk innblikk i samfunnets undertrykkjing og underkuing av individet.

Kva så med dagen i dag? Fredag 6. august 2010? Vi har minner og lagar oss minner, og nokon er så heldige at dei får oppleva Leonard Cohen i Oslo i kveld. Cohen er i tillegg til å vere ein habil og godt rutinert musiker (76 år), ein poet! Han har gjeve ut fleire diktsamlingar og romanar. Lom folkebibliotek har to av diktsamlingane hans, Lengselens bok og Kjærlighet og hat.





Hugs at dagen i dag, er morgondagen du drøymde om i går!

Bloggar i dag....: Aud, som ynskjer alle ei riktig god helg!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar