Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. juli 2010

Freedom's just another word

"Det fins så mange drømmer om engong å bli fri, det fins så mange lengsler å spekulere i" song Alf Prøysen, sette seg i ein sprøkkin hålk og segla avstad på Mjøsa. Som vanleg har Alf rett. Det finst draumar, lengslar, fridom og fengsel av så mange slag. Fridomskjemparane som oppnår heltestatus slåss gjerne for ei edel sak som fred eller rettferd. All ære til dei! Langt dei fleste kjempar likevel sine eigne større eller mindre kampar for sin personlege fridom. Sjølv om du skulle vera fødd fri, finst det mange snarer å setje seg fast i langs vegen. Somme blir fange av tankane sine, somme av skadelege vanar, somme av sosiale band, somme av mangelen på slike, og somme som Tarald Stein, av sin eigen kropp. På leit etter nye, gode short storyar, kom eg over boka hans "Frikar" da eg rydda her om dagen. Eg slo opp på ei tilfeldig side der dette verset stod og lyste mot meg: 


Kvar gong vi møtest
omset du meg
til eit vakrare språk


Eg smugla med meg boka inn på bakrommet og stilt jublande fryda eg meg over måten denne frikaren kunne uttrykkje seg på. Kven var han, denne Tarald som så nonchalant hadde kome og heilt uforvarande distrahert meg i beste arbeidstid? Google fortalde meg at han var mann fødd inn i ein kvinnekropp han ikkje kunne finne seg til rette i. I dei to diktsamlingane Framandkar (2008) og Frikar (2010) syner han imponerande mot og ærlegdom. Dikta hans krinsar kring tilhøvet til eigen kropp og eksistens, om den lange og vanskelege vegen ut av ein forhatt kvinnekropp og inn i ein etterlengta mannekropp, om å vera aleine og om å finne det beste ei sjel kan nå. Dikta er såpass allmenngyldige at alle kan kjenne seg att. Han uttrykkjer seg vart og vakkert, i nye og snedige måtar å tenkje tilvere på:

Ein dag skal eg skrive eit tak 
vi kan bu under
vegger mot vindkulene

Les "Frikar" og bli eit litt rikare menneske eller høyr korleis Leonard has tried in his way to be free:

Bloggar: Ikkje-ferierande Rita





2 kommentarer:

  1. Takk! For at du leste boka mi og skreiv om henne.

    SvarSlett
  2. Nei, så artig at du har lese bloggen vår, framandkar! Lykke til vidare. Du skriv så bra og vi vil ha meir!
    Rita

    SvarSlett