Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 7. september 2009

Eit streif av sol...

Kvar dag heile året rundt, i regn som i solskin, i gode som i onde dagar, får vi tre vise besøk av postmann Kolden som fraktar all internpost rundt omkring i dei sentrumsnære delane av kommunen. Sjølv om vi er trøytte og uopplagde etter lange og søvnlause netter der vi har erobra nytt land innan verdslitteraturen, eller går rundt her og glåmer skakt på kvarandre på grunn av eit pågåande kappløp om skrankeplassen, kallar alltid Ivar fram smilet og latteren i oss. Vi trur at dette er tilfellet overalt der Ivar ferdast. Vi set stor pris på sjølve jobben han gjer, vi merkar veldig godt dei få dagane i året når han har ferie eller ein sjeldan gong er sjuk. Men enda meir set vi pris på Ivar som person, på hans ekte og ærlege vesen og på den store humoren hans. Her er er det ikkje noko "lett og kold" helsing, men store og gode klemmar utan atterhald. Vi vil takke deg, Ivar, for at du kvar dag saman med posten også sprer litt glede rundt deg. Det er viktig handbagasje å ha med seg det!

I dag har dei to utstillingsvise teke nye og spektakulære metodar i bruk for å setja prikken over i-en på utstillinga vår av gamle bøker. Langt inne i dei fornuftige, velfungerande gangs-menneskje hjernene deira, synte det seg å liggje ein hang til pyromani. Dei vart eit bel så desperate at dei gjekk laus på lånarane for å få tak i fyrstikker. Dei lykkast til slutt og dette kunne nok enda forferdeleg mykje verre hadde det ikkje vore for den regntunge sommaren vi har hatt. Men utstillinga vart fin ho, all honør til dei to eksperimentelle sjelene! Utstillinga består av gamle bokskattar frå magasin og kjellar som vi tykte fortente ein tur fram i spotljoset. Her er det lokalhistoriske perler som bøkene av Elise Aubert (som budde her i dette huset medan det var prestegard), gamle utgåver av Olav Aukrust og Ivar Kleiven, bøker om dei fyrste fjellturistane og klatrepionérane i Jotunheimen og fleire til. I tillegg har vi utstillingar med temaet biografiar og Velg!2009. Ta deg ein tur og sjå sjølv da vel!



Bloggar utan nemneverdig bruk av raud tråkletråd: Rita

PS: Bok på P2 kl. 17.03 og reprise 23.00 (evt. nettradio). I dag: Salvadoreña av Cecilia Samartin, forfattaren av Señor Peregrino og Drømmehjerte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar