To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 11. februar 2011

T for Tony ripa djupt i min linjal

Tida for under er slett ikkje forbi! Onsdag kveld vart eg plutseleg 12 år att og fann meg sjølv i eit klasserom på gamle Garmo skule. Lukta var den same som i 82, stemninga au, og eg såg for meg dei som sat rundt meg. Det var dei knøttsmå gutane, erteriset som alltid låg kring kokepunktet for latterutbrot, dei tøffe jentene som hadde begynt å kalle seg ungdommar og digga Gry Jannicke Jarlum og liveterforkjipt-Lars, søte viskvinne Merete som alt hadde hatt mange småkjærastar, og så meg sjølv. Med tannregulering og heimesnekra pannelugg designa av ei som var fødd utan saks i hand. Med kongeblå vest omhyggjeleg kanta med skråband, handmade in fnisete formingstimar på same skule. Med nestenmatchande cordfløyelsbrok som hadde blitt sydd inn i leggene til det maksimale på Husquarna hennar mor. Som regel med eit seriøst blikk på skulearbeid og tilveret i sin heilskap og med ein hang til sjølvkritiske syslar. Som dikta opp ein alibikjærast for å få fred for maset, ein flaug ikkje frå blome til blome for ei veke og så, kjærleiken var ikkje noko ein tulla med! Kan hende står Rita+Johannes=sant fortsatt prenta i høvelbenken, (einskilde av dei knøttsmå var ivrige på erting) noko har aldri vore meir usant, men han hadde lyse krøller og var ovleg vakker kunne eg slå i bordet med når spørsmåla tok overhand. Det var tider, til tider!

Geirr med sjumilsstøvlane
Det var Geirr Lystrup som fekk underet til å skje. Midt under kaffe- og kringlekonserten. Med Kjære Tony korporal kom tolvåringen som kasta over meg. Vi hadde musikklærar med skjegg og trekkspel, og vi hadde trubaduren Geirr buande i bygda. Han spelte saman med musikklæraren i gruppa Godtfolk. Etter harde år med ta-te-ta og ta-va-te-ve, hadde heldigvis songen og dragspelet teke over musikkundervisninga vår. Vi tolvåringane fekk vera heldige kaninar og prøve ut både Lefse, lompe, stumpe, dumpe og Kjøkenmasurkaen i musikktimane.

I dei dagar var det også at The royal marines budde seg på vinterkrig og hadde militærøvingar i bygdene våre. Dei sette sjølvsagt sitt preg på stille grender og mange jentehjarto banka litt ekstra fort for dei grønkledde.
Den søte
Før klippen
Ein stor happening for Garmo pikekor var det difor da vi skulle opptre for den segnomsuste british army. Det var nok ikkje fritt for anna enn at den seriøse også var litt spent på dette, ein kunne jo få praktisert litt engelsk om ikkje anna. Dagen kom og panneluggen var klar for stussing. Den pubertale vart plassert på kjøkenkrakken midt på golvet medan ho mor sjølv i stova gjekk laus med saksa på beste Jensemann-maner. Ho fekk han ikkje bein. Måtte ta litt til her. Og så litt til der. Ein eigenrådig kvervil i front gjorde ikkje saka betre, heller tvert om. Omgrepet skamklipt fekk ein ny dimensjon denne dagen. Sjølvtilliten til offeret også. Det vart korkje hjartebank eller praktisering av det engelske språk, men nokre tiår seinare går det an å le av det.

Slik sat vi der alle med kvar våre historier som visene til Geirr kalla fram. Eg kunne sjå på folket at det var både vakre og vemodige minne som dukka opp. Takk til Geirr og godt publikum som møtte opp til ein varm visekveld i bokheimen!

Bloggar nå utan lugg: Rita

8 kommentarer:

  1. Merk: dette var tydelegvis før skulderputene gjorde sitt inntog i Norddalen... Kanskje eit tips for neste vest-prosjekt, sjef..?

    SvarSlett
  2. Her var det ikkje berre skulderputer som vanta, du!
    R

    SvarSlett
  3. Ein gong skulle Aud syster ta permanent på meg. Ho kunne det, påstod ho. Og dumme meg trudde. Fyrst klipte ho panneluggen min, deretter tok ho permanent. Ein ekstremt sterk permanent måtte det vera, for håret vart heilt krusete - eg såg rett og slett ut som ein albinoneger - og panneluggen var plutseleg midt oppå hovudet, nesten i nakken! Eg gjekk i huve i mange, mange veker og hata syster mi djupt og inderleg i lang tid, hehhehe.
    Jælma fin tankestrek, Rita!!! Det fekk meg til å hugse det som står over her. Vi har nok mange traumatiske barndomsminne du og eg, haha. :-)
    Helsing Vigdis
    (som alltid; superanonym).

    SvarSlett
  4. Haha, du har vel eit bilete frå den tida du også som du vil dele med oss...;-)Takk for gode ord, superanonyme Vigdis! Biletet av meg over er rett og slett grusomt! Traumatisk helsing R

    SvarSlett
  5. fantastiske bilder! husker denne tiden som om det var i går...og ja, det er mye vi ler av nå som vi definitivt ikke lo av på den tiden. Royal marines ja, hmmm, kanskje verdt et eget blogginnlegg...?

    SvarSlett
  6. Hmmm, eg har sagt det eg har å seie om dei små, grøne menn, fru Storlien, but feel free;-) Med ynskje om ei velfrisert helg!
    R

    SvarSlett
  7. Eg har bilde av den stakkars systera med minimalistisk pannelugg. Selges til høgstbydande!

    SvarSlett
  8. Vi er veldig interesserte i ein deal her! Panneluggar er vel på billegsal for tida?
    R

    SvarSlett