To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. februar 2011

Berre eit spiralhefte...

Vi har fantastisk mange bøker her i garden; gamle, nye, vakre, mindre vakre, store, små, fargerike gråbleike, triste, morosame, skumle - ja heilt sikkert noko for einkvar smak. Vi er da eit folkebibliotek av rang! Vi har bøker om "alt mogleg" - spikking, hakking og filting, mat, klede, kjensler og pilates, kattar, hundar, hestar og edderkoppar, buddhisme og andre ismar, skiløparar, isdansarar og fjellklatrarar, hekling, strikking og decoupage, Gran Canaria, fly og tog, norsk språk, verdskrigar og blomar for å nevne noko. 




Mange av dei har så framande ord i seg, at det er godt vi har oppslagsverk som synonymordbøker og leksikon lett tilgjengeleg. I det vidaste kan dei alle innehalde både dikt og krim, eller vere ein tåredryppande roman. Ein kan få til mangt med ein heklekrok - eller med ei isøks. Eller med ei knakandes god oppskrift på korleis lykkast i livet, enten det er gjennom magen eller hovudet...



Men kva hadde vi tre fyrst-på-midten-av-livet vore utan spiralhetet vårt? Den kanskje aller aller viktigaste boka for oss er, tru det eller ei, eit spiralhefte, ei gamaldags kladdebok med linjer! Det er vår eminente sekretær, vår hjerne, vårt eingenproduserte oppslagsverk - vårt daglege uttrykk for livet under krøllene på damene i prestegarden. Her finn vi alt det vi ikkje hugsar sjølve, altså alt det vi skal gjere, og alt det vi har gjort, finurleg avkryssa med ein stor V ved sidan av! Det er "so kjekt" med nokon som har den heile og fulle sanninga og oversikta (ja, ved sidan av sjefen da sjølvsagt...) Men sjøl sjefen blar av og til febrilsk i spiralheftet på leit etter lykka, eller var det ein lånar ho også ikkje hugsa namnet på? Kven var nå den heldige som ho skulle reservere den boka for?

Takk og pris for at sjefen ser gjennom skribleriane vi to små gjer - for da kan vi plutseleg ha notert ned nokre ynskje-bøker, nesten mellom linjene, som vi ikkje tør spørja etter, da dei enten er svært dyre, eller er så spesielle at utlånet av boka statistisk sett kjem til å bli lite - men som vi av ein eller annan grunn meiner kan vere lurt og skaffe likevel. Kanskje rett og slett med tanke på ei fin utstilling - vel, ei komplett utstilling rettare sagt.



Slik kan det altså sjå ut - og dersom ein studerer tegna godt, ser ein at sjølvaste sjefen med eit pennestrøk har innvilga ynskjene våre! Det treng ikkje vere Valentines-dagen for at ho let seg sjarmere med raude hjerter serru.






Bloggar mellom linjene: Aud

5 kommentarer:

  1. jamen er døkk heldige! Men det har da hendt oss ha fått eit og anna oss andre au.
    Lite flink og lite pen

    SvarSlett
  2. Kjære Anonyme!
    Du er visst flink, og heilt sikkert pen -og kom i hug at det er spiralboka som skal ha brorparten av takken for at døkk andre også får det de ønskjer :-) 3 vise fungerer beint fram ikkje utan notatboka...

    SvarSlett
  3. "Så godt kan eit menneskje vera at det blir vakkert av det." (Olav Duun)
    Eg tykkjer somme gonger at pene menneske kan vera mindre pene - nesten stygge - dersom dei er usympatiske, egoistiske, sjølvopptatte osv. Er det ikkje slik det er, da? Og det motsette; menneske som andre kanskje vil karakterisere som mindre pene, kan eg meine er fantastisk vakre fordi dei er så gode, snille, ærlege, sympatiske... Så det så. Eg tykkjer du er halvpen, Rita, og det er fordi eg tykkjer du berre er halvsnill, haha. :-)))
    (bortsett frå eit dårleg humoranfall til slutt, i dette innlegget, er det andre heilt seriøst meint.
    Helsing Vigdis
    (kanskje nokså snill, kanskje nokså flink, men ikkje akkurat pen, hahahahha).

    SvarSlett
  4. Det snakk om vakre sjeler, noko som alle gode menneske er utstyrte med. Det flinke og pene er ironi, skjønar de, vakre Vigdis og vakre Anonyme!
    R

    SvarSlett
  5. Pøh, ironi du, liksom. Døkk æ jammen så innbilske på detta biblioteket att, hehehhohohihihøhø.
    Vigdis (pen, snill, slank, klok, tøff, sprek)
    :-))))

    SvarSlett