To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. februar 2011

3 vise menn -ved to av dei

Så var friarbrevet sendt. Den første friarferda til ein vismann gjekk så glatt. Munnleg førespurnad i lystig lag er messom hakket mindre seriøst enn eit sakleg elektronisk brev. Som veldanna vis kvinne spør ein beint fram ikkje frilyndt om ein seriøs arbeidskar vil ta seg fri frå hardt arbeid for å koma og ta ei underbetalt formidlingsøkt med ei halvinspirert ungdomsskuleklasse. Hevda eg, og sveitta i hendene. Jau, klart du gjer! Sa sjefen -denne gongen med utheva stor S. Og plutseleg var brevet fare der -i lynfart gjennom lufta. Eg angra. Frykta at Lom folkebibliotek no hadde ein lånar mindre å syne til i statistikken...

Tenkje seg til: to dagar seinare får vi den gromme meldinga -han kunne ikkje seia nei til 3 vise kvinnfolk! Det skulle du visst hakket før, Arne Svingen (jfr. blogginnlegg 27.august 2010) -vi er ikkje til å motstå! Are tok utfordringa på strak arm. På to dagars varsel, mest utan førebuing, heldt mannen ein leksjon om teikneseriar som verkeleg gjorde inntrykk! Eit par vise, ei gild ungdomsskuleklasse og deira overvelda lærarar satt som fjetra med mindre kledelege hakesleppar og lot seg imponere over kunnskapen, entusiasmen og ikkje minst formidlingsevna til denne trauste karen. For ein kapasitet! Hr Flaten hadde så mykje å ause av at han laut høfleg stoppast for at elevane skulle få ørlitegrann tid til å bla i herlegdomen med striper, ruter og snakkebobler Are hadde freista dei med. Dei svakevise neia i støvet og drog seg stilt attende for å rekne kronene sine -her laut det visst nye innkjøp til... Neste gong skal eg ikkje kvi meg for å sende friarbrev! Og statistikken gjorde denne dagen eit aldri så lite hopp i eit elles dystert teikneserieavsnitt.

I går kveld var vismann nr 2 i elden med sine gilde historiekunnskapar. Atle er ein lidenskapeleg slektsgranskar med store lokalhistoriske kunnskapar som ikkje kvir seg for ause av den store interessa si til andre. Trass i eit lite samarbeidsvillig digitalarkiv, meistra Atle å gjere kvelden til ei spennande vandring gjennom folketeljingar og sirleg nedteikna kyrkjebøker som no ligg tilgjengeleg på nettet. Min eigen intensjon om å stå hjelpsam til disposisjon gjennom kurset minka i takt med ei aukande sitring etter å finne fleire datoar, årstal og opplysingar om eigne forfedrar frå tider ein så inderleg skulle ønskje var festa til filmrullar i staden for gråna skrivepapir. Og enno ei fjør i luggen til deg, Atle: i dag har fleire av oss halde fram leitinga på jakt etter røter som byggjer opp under identiteten vår, både kursdeltakarar og innbilte hjelparar.

Overskya vèr og stormkast med stinn snøføyke gjorde vel sitt til at 3. vismann gjekk seg burt, og altså ikkje dukka opp hos damene denne helga. Vi har difor ein liten godis att i bakhand. Ein sak som fortener eit eige blogginnlegg i seinare framhald. Følg med!

Imponert bloggar: Merete

3 kommentarer:

  1. Mange takk! Om ikkje kurset fekk nokon god flyt, så lærte iallfall fleire ein viktig knapp: F5...

    Sei ifrå om dykk treng hjelp til å finne noko (eller hjelp til avskrift/avlesing) - men viser til handskriftkurset som det ligg lenkje til på framsida av digitalarkivet si heimeside - den kan vere tenleg når dykk kjem att'i 1700-talet! Gløym ikkje at fleire av kyrkjebøkene ligg i avskreve og søkbar form - ved å gå inn på "Databaseveljar" på den blå lina, og velje seg fram til Oppland og Lom.

    SvarSlett
  2. Takk for tilbodet om hjelp, Atle! Du veit den late går for dei lettvinte løysingane...;-)
    R

    SvarSlett
  3. Ojsann -det må eg seie var flott oppfølgjing av tenleg kurs! Som du har skjønt -vi kvir oss ikkje for å fri på slike kunnige menn :-) Så håpar vi berre at de også veit å nytte oss om det skulle bli naudsynt...

    SvarSlett