Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. februar 2011

"Nå rækna`o de au!"

Mange strekar små...
Vi har så fin ein statistikk å vise til. Heimesnekra diagram med blå søyler prydar veggen bak skranken, og tala er omhyggjeleg dobbeltsjekka i påliteleg statistikk utgjeve av den gong ABM. Eit skriv som er like spennande kvart år. Vi har ikkje så reint lite konkurranseinstinkt på dette området, sjølv om vi veit at ein også skal unne andre medgang etter kvardagsslit og slunken ressurstildeling. Men ikkje minst er vi glad i å konkurrere med oss sjølve. Samanlikne besøkstal og utlån frå år til år, sjå om aldrande kvinnfolk med hjelp av litteraturen framleis er i stand til å hevde seg i kampen om merksemda. Med mindre kledeleg hengefald under skjorteflaka og livsvise furer under panneluggen er vi avhengige av jamnleg stadfesting på at vi i det minste held koken på arbeid.

Trufaste fredagsgjestar
Dei siste par vekene har vi rekna kvar einaste sjel som med eller utan hensikt har forvilla seg inn til oss, ein aktivitet vi føretek oss nokre vilkårlege veker gjennom ymse delar av året. Nytt for året er at folketeljingsskjemaet er delt inn i kjønn. Det er jo ei gjengs oppfatning at kvinner les meir enn menn, og at jenter brukar biblioteket vesentleg meir enn gutar. Med ein vidaregåande skule i same hus -som verkeleg er flinke til å bruke biblioteket både til nytte og pauserom- får vi naturlegvis mange menn "gratis" i rekninga vår, men det gjeld jo i like stor grad kvinner. Kva med alle dei andre?

Menn i kø..:-)
Ut i frå alle strekane vi har på arket frå førre veke, viser det seg at vi har omtrent dobbelt så mange vaksne kvinner som menn innom i løpet av veka. Vi tykkjer likevel ikkje tala ser så verst ut, og har no blått på kvitt prov på at rett så mange menn brukar Lom folkebibliotek. 90 staute karar innom døra vår på èi veke er jo til å få smilehòl i bollekjakane av, og med 178 damer, samt 83 born attåt, er vi verkeleg tilfredse. Framleis er det likevel mange att som enno ikkje har opplevd verdien av å bruke biblioteket, og vi held utrøytteleg fram arbeidet med å misjonere for gammelprestgarden i Lom. De høyrer frå oss!

Omsverma bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar