Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. februar 2010

Det her e boka mi

Rett som det er kjem ei langbeint jente med eit blidspent fjes stingande innom døra vår, berande på ein gild stabel utlesne bøker. Oftast lesser då denne søte jenta skranken vår ned med hardbarka krim, medan ho gjerne etterlyser fleire bøker i same sjanger. Elise Bjørkheim går i 2.kl på den vidaregåande skulen her i Lom, men vinst altså å frese gjennom ei mengd bøker attåt studiane sine.

No er det bøkene til Mo Hayder som står øvst på leselista til Elise, bøker ho meiner er detaljert krim på sitt beste. Hayder skriv om førstebetjent Jack Caffery, og livet hans er ein vesentleg del i historiene. Likevel går det i følgje Elise greitt å lese bøkene i ymse rekkjefølgje. Mo Hayder skriv til tider rått og ekkelt, men på ein slik måte at lesaren lever seg inn i dei grusomme plotta og får den sitrande skrekken under huda. Elise er imponert over måten forfattaren maktar å fange lesarane med bøkene sine, særleg med tanke på at Hayder slutta på skulen som 15-åring. Vår flittige elev har etterlyst fleire bøker av forfattaren, så det spørst om ikkje sjefen lyt opp med pengepungen att... For dei som enno ikkje har fått med seg dei bøkene vi allerie har av Hayder, kan de sjå om desse omtalene kan pirre leselysta: http://www.lom.kommune.no/enkelt-soek.146305.no.html?bibfind=hayder

Med ønskje om ein skrekkeleg flott dag vidare!

Bloggar: skvetne Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar