
Torø Barlund pendlar ein stubb til og frå jobb kvar dag, og har etter kvart vorte ein storforbrukar av lydbøker. I dag er det derimot ei papirutgåve ho svingar seg med ute blant hyllene våre : "Djevelfjellet" av Deon Meyer . Ein tidlegare frigjeringskjempar opplever å få sin eigen son myrda, og då mordarane slepp unna fengselet, legg Tobela ut på ei frykteleg hemnreise der han sjølv drep personar som er dømde eller sikta for overgrep mot born. Torø tykkjer denne boka skil seg ut mellom anna fordi ho skildrar eit for oss uvanleg miljø frå Afrika. Boka er godt skrive med overraskande og spanande moment, og lesaren blir godt kjend med den alkoholiserte etterforskaren Bennie Griessel og livet hans. Griessel er på sporet av mordaren då hans eiga dotter kjem opp i ein dramatisk situasjon. Dette er verkeleg ei bok ein trygt kan rekne med blant påskekrimmen. Og i påska skal også barne-og ungdomsbibliotekaren lesa minst ei "vaksen" krimbok...
Bloggar : barnlege Merete
Bra blogg damer. Falt særlig for det fantastiske diktet om kontorstolen og lar oss inspirere.
SvarSlettHer et boktips: Brudereisen av Marieke van der Pol er et funn av en bok, denne bør anbefales til alle damer i 40 + - som stikker nesa inn på biblioteket i Lom.
God helg til tre vise
Ååååå, slike kommetarar LIKAR vi!! Alle boktips fell i god jord her, og ris og ros om bloggen elles er frykteleg trivleg! Vi er innom "Emaljepikene" rett som det er også, og vil nok følgje den muntre bloggen dykkar framover. God helg til dykk alle tre!
SvarSlett