Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. mars 2010

Påsketur, ingenting er som påsketur....

Med Øystein Sunde sine skildringar om korleis ein påskeutfart i verste fall kan arte seg, tek dei 3 vise fatt på eitt av desse blanke arka, eller dagane om du vil, som er referert til i tidlegare blogginnlegg. Nytt mot kvar dag! Så ille som det gjekk med påsketuren til "Kåre, Ronald, Einar og jeg" kan det omogleg ende innanfor våre solide veggar, sjøl om bloggarane ikkje alltid gjer som oppskrifta seier. Og tek ein ting med fatning, kan visst det meste ende bra.

Så her legg vi altså gårdagen bak oss, og ser fram mot ei høgtid full av håp om betre tider, påskeegg fylt til randen av godsaker - og ikkje minst tid til å lese... Påskeutstillingane er i full blomst, hobbybøker og historiebøker om påska i skjønn foreining på skranka, medan årets krutsterke påskekrim tradisjonen tru har fått eige bord. På heimesida til Lom folkebibliotek kan ein lese omtaler av fleire av dei nye bøkene som berre ventar på påskeferierande lomværar - enten ein har lese mykje eller lite krim før vil ein garantert finne noko som fell i smak. Kjende forfattarar som Camilla Läckberg, Håkan Nesser, Merete Junker og Mo Hayder har alle rå påskekrim og by på. Andrew Taylor har gjeve ut 3. bok i den prislønna Roth-trilogoen, Philip Kerr kom med 3. bok i Berlin noir-trilogoen. Og ikkje minst har vår "eiga" Magnhild Bruheim gjeve ut boka "På flukt", ein ungdomskrim som også er godt eigna for vaksne lesarar. Svært mykje god lesnad! Nb! Går alt etter planen får elevane på ungdomsskulen besøk av Bruheim fredag før påske, altså 26. mars.

Nyt ei av dei befriande, beskrivande og gode tekstene til Øystein Sunde, og med ynskje om ein fortsatt fin mars-månad for små og store lesarar sender vi med tekst og melodi!



Kanskje hadde påsketuren til Kåre og co vorte ein heilt annan dersom dei hadde teke med seg nokre gode bøker, la det vere dagens moral frå ditt lokale bibliotek! Ha alltid med deg ei bok i bilen, veska, sekken, kofferten, på påsketur...

Hønemor Aud; dagens bloggar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar